Informasjon om obligatorisk oppgåve

Undervegs i semesteret skal du levera ei individuell skriftleg oppgåve på 1500–2000 ord. Tema for oppgåva og frist vert oppgjeve på semestersida etter semesterstart.

Utfyllande informasjon:

I den obligatoriske skriftlege oppgåva skal du gje ein analyse av ein munnleg eller skriftleg elevtekst ut frå ei oppgitt problemstilling. Oppgåva vil gje deg øving i å bruka innsikter frå teori og empirisk forsking til å identifisera og skildra viktige aspekt av elevar sine munnlege og/eller skriftlege ferdigheter.

Svaret skal vera på 1500–2000 ord (ikkje medregna litteraturliste) og ha følgjande oppbygning:

  • Innleiing med presentasjon av elevteksta og problemstillinga
  • Kort forklaring for det teoretiske utgangspunktet
  • Analyse
  • Diskusjon og svar på problemstillinga
  • Litteraturliste (APA 6)

Elevteksten og problemstillinga vert delt ut i byrjinga av semesteret. Svaret skal leverast innan angjeven frist og vert vurdert av faglærer. Viss oppgåva ikkje vert godkjent, vil du ha høve til å levera ein omarbeidd versjon.

Publisert 26. feb. 2019 10:18 - Sist endret 26. feb. 2019 10:18