Semesteroppgåve PROF1015

Semesteroppgåva er ei individuell skriftleg oppgåve som integrerer pedagogikk og fagdidaktikk. Som førebuing skal du notera observasjonar du gjer av arbeidsmåtar i undervisninga som aktiviserer elevane til læring i eitt av faga dine, det vil seia undervisning der du observerer både kva læraren gjer og korleis elevane på ein eller annan måte responderer, eller ikkje, på arbeidsmåtane læraren legg opp til. Når du byrjar å observere veit du ikkje kva for nokre observasjonar du kjem til å bruke som grunnlag i semesteroppgåva, difor er det viktig å notere flittig. I semesteroppgåva må du difor velje nokre sentrale observasjonar av arbeidsmåtar som aktiviserer elevane til læringsarbeid som du så tolkar og drøfter ut frå denne problemstillinga:

 

Korleis vert elevane aktiviserte til læring i ...? (her fyller du ut faget du skriv om).

 

Problemstillinga skal relaterast til eitt eller fleire av læringsutbyta beskrive i emnebeskrivinga og det er forventa at du bruker relevant fellespensum (pedagogikk) og relevant fagdidaktisk pensum for faget ditt i svaret. Du skal også vise til observasjonar du har gjort, der det er relevant.

Det utfylte observasjonsskjemaet skal vere vedlegg når du leverer eksamenssvaret. Du vel sjølv om du legg ved eit skjema som inneheld observasjonar frå ein heil time - då må du i så fall markere kva for nokre sentrale observasjonar du bruker som grunnlag i oppgåva di - eller om du redigerer skjemaet slik at det berre inneheld dei sentrale observasjonane du bruker for å drøfte problemstillinga.

 

MERK: det er obligatorisk rettleiing av tekstutkast til semesteroppgåva. Du finn informasjon om dette på eiga lenke under Aktivitetsoversikt, krav til oppmøte og obligatoriske komponentar på semestersida. Innlevering og rettleiing skjer i Canvas.

 

Formelle krav til semesteroppgåva

  • Framside med kandidatnummer, emnekode og emnenamn, aktuelt semester og talet på ord i oppgåva
  • Eksamenssvaret skal ha eit omfang på 2000–2400 ord (ikkje medrekna framside, litteraturliste og vedlegg). Bruk siste versjon av APA for referansar og litteraturliste.
  • All informasjon frå praksis skal anonymiserast slik at det ikkje er mogleg å identifisere skule, lærarar, elevar og medstudentar. Dette gjeld både for semesteroppgåva og observasjonsskjemaet.
  • Teksten skal ha linjeavstand 1,5 og skal skrivast i Times New Roman eller Calibri, skriftstorleik 12.
  • Observasjonsskjema skal leverast som vedlegg

Svaret skal ha følgjande oppbygging

  • Innleiing med presentasjon av problemstillinga inkludert faget du skriv om
  • Kort presentasjon av klassen/gruppa du observerte, og sentrale observasjonar frå undervisninga som er relevante for det du skriv om, og dessutan metodeval du har gjennomført som observatør
  • Drøfting av problemstillinga som inkluderer analyse og tolking av observasjonane dine
  • Konklusjon

Vurderingskriterium semesteroppgåva PROF1015

Kriteria gir ei typebeskriving av svar på dei ulike nivåa. Svar vil i praksis ofte ha innslag av ulike nivå, og vurderinga vil måtte vere basert på ei ganske stor grad av skjøn.

Karakter/ UiO-beskriving

Beskriving og stofftilfang

Vurderingsevne og sjølvstende

Språk, struktur og formalia

A Framifrå

Framifrå prestasjon som klart utmerker seg. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

Kandidaten gir ei svært presis og relevant beskriving av sentrale observasjonar av arbeidsmåtar som aktiviserer elevane til læring i eitt av faga til kandidaten. Kandidaten knyter problemstillinga tydeleg til observasjonane. Tilfanget av teori er svært relevant for problemstillinga, og kandidaten viser framifrå kjennskap til og forståing av pensumlitteratur både i pedagogikk og fagdidaktikk.

Kandidaten viser gode evner til nyansert og kritisk refleksjon og argumenterer svært klart og sjølvstendig.

Argumentasjonen vert gjennomgåande underbygd med tilvising til relevant pensumlitteratur både i pedagogikk og fagdidaktikk. 

Det er tydeleg at kandidaten evnar å skilje mellom observasjon og tolking. 

Drøftinga av problemstillinga er svært god og sjølvstendig og vert svært godt belyst ved relevante tilvisingar både til observasjonar og pensumlitteratur.

Språket er svært presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Formalia er oppfylt.

B Mykje god

Mykje god prestasjon. Kandidaten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

Kandidaten gir ei presis og relevant beskriving av sentrale observasjonar av arbeidsmåtar som aktiviserer elevane til læring i eitt av faga til kandidaten. 

Kandidaten knyter problemstillinga tydeleg til observasjonane. Tilfanget av teori er svært relevant for problemstillinga, og kandidaten viser god kjennskap til og forståing av pensumlitteratur både i pedagogikk og fagdidaktikk.

Kandidaten viser evne til nyansert og kritisk refleksjon og argumenterer klart og sjølvstendig. 

Argumentasjonen vert gjennomgåande underbygd med tilvising til relevant pensumlitteratur både i pedagogikk og fagdidaktikk. 

Det er tydeleg at kandidaten evnar å skilje mellom observasjon og tolking. 

Drøftinga av problemstillinga er svært god og sjølvstendig og vert belyst ved relevante  tilvisingar både til observasjonar og pensumlitteratur.

Språket er presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Formalia er oppfylt.

C God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste område. Kandidaten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

Kandidaten gir ei relevant beskriving av sentrale observasjonar av arbeidsmåtar som aktiviserer elevane til læring i eitt av faga til kandidaten. 

Kandidaten knyter problemstillinga til relevante observasjonar. 

Tilfanget av teori er relevant for problemstillinga, og kjennskapen til og forståinga av pensumlitteratur både i pedagogikk og fagdidaktikk er prega av ei breidd og djupn utan klare manglar.

Kandidaten argumenterer til dels sjølvstendig og underbygger i hovudsak med tilvising til relevant pensumlitteratur både i pedagogikk og fagdidaktikk. 

Kandidaten skil mellom observasjon og tolking. 

Drøftinga av problemstillinga er i hovudsak sjølvstendig og vert belyst ved tilvisingar til observasjonar og pensumlitteratur. 

Teori og empiri vert brukt noko bekreftande, men med tilløp til nyansering og kritisk refleksjon.

Språket er jamt over godt og sjølvstendig. Teksten er strukturert. Formalia er oppfylt.

D Nokså god

Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar.

Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.

Kandidaten beskriv observasjonar av arbeidsmåtar som aktiviserer elevane i eitt av faga til kandidaten. Kandidaten knyter problemstillinga til nokre observasjonar.

Tilfanget av teori har ein viss relevans for problemstillinga. 

Kandidaten viser ein rimeleg grad av kjennskap til og forståing av fagfelta.

Svaret vert prega av ein viss argumentasjon, men framstår i nokon grad som meiningsytringar. 

Kandidaten evnar i ein viss grad å skilje mellom observasjon og tolking. 

Drøftinga av problemstillinga er noko sjølvstendig og vert belyst i nokon grad ved å vise til  observasjonar og ved tilvisingar til pensumlitteratur.

Teori og empiri vert i hovudsak brukt bekreftande, men tidvis nyansert og kritisk.

Språket er nokså godt, men lite sjølvstendig og prega av ein viss mangel på faguttrykk. Teksten har ein viss struktur. Formalia er i rimeleg grad oppfylt.

E Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten viser lita vurderingsevne og sjølvstende.

Kandidaten gir ei generell beskriving av arbeidsmåtar som aktiviserer elevane i eitt av faga til kandidaten. Problemstillinga vert ikkje tydeleg knytt til observasjonar. 

Tilfanget av teori har noko relevans for problemstillinga men kan til tider vere noko perifert og tilfeldig. 

Kandidaten viser noko, men til tider mangelfull kjennskap til og forståing av fagfelta.

Svaret er prega av tilløp til argumentasjon, men framstår i stor grad som meiningsytringar. 

Kandidaten evnar i liten grad å skilje mellom observasjon og tolking.

Problemstillinga vert berre drøfta i nokon grad ved å vise til observasjonar og ved tilvisingar til pensumlitteratur. 

Teori og empiri vert brukt bekreftande og vert noko diskutert, men på ein lite nyansert og kritisk måte.

Svaret er i hovudsak forståeleg, men språket er usjølvstendig eller også prega av uklarleikar.

Mangel på faguttrykk er framtredande.

Teksten har tilløp til struktur. Formalia er i nokon grad oppfylt.

F Ikkje greidd

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. 

Kandidaten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

Kandidaten gir ei beskriving av undervising som har liten eller ingen fagleg relevans.

Problemstillinga vert ikkje knytt til observasjonar.

Tilfanget av teori har liten eller ingen relevans for problemstillinga, kjennskapen til og forståinga av fagfelta verkar svært mangelfull.

Svaret er prega av usamanhengande argument som framstår som meiningsytringar.

Kandidaten evnar ikkje å skilje mellom observasjon og tolking. Det er tilløp til drøfting, men då utan tilvising til empiri og/eller teori. Problemstillinga vert ikkje svart på.

Svaret er forståeleg, men språket er uklart og/eller forvirrande. Mangel på faguttrykk er framtredande.

Teksten er utan tilløp til struktur. Formalia er i liten eller ingen grad oppfylt.

 

Publisert 9. aug. 2023 15:08 - Sist endret 31. mai 2024 14:57