English version of this page

Fritt samansett bachelorgrad

Ønsker du ein annan fagkombinasjon enn du får i dei ordinære bachelorprogramma på UiO? I mange høve kan du sette saman ein bachelorgrad sjølv.

Kva er ein fritt samansett bachelorgrad?

Dei fleste bachelorstudentane går på på eit treårig studieprogram, eit samanhengande og fagleg integrert studieløp. Studieprogrammet er sett saman slik at dei ulike delane av programmet bygger opp under og utfyller kvarandre.

Ein fritt samansett bachelorgrad kan du sette saman sjølv, innanfor nokre felles rammer. Graden må være på minst 180 studiepoeng og skal innehalde følgande:

  • Ei fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng
  • Ei støttegruppe på minst 40 studiepoeng
  • Examen philosophicum og eventuelt examen facultatum
  • Fritt valde emne

Både den faglege fordjupinga og støttegruppa er emnegrupper. Når du set saman desse, skal du ta utgangspunkt i UiO sine definerte emnegrupper. Ei emnegruppe er ein kombinasjon av emne som utgjer ei fagleg eining, kvalitetssikra av dei vitskapleg tilsette innanfor eit fagmiljø.

Ein fritt samansett bachelorgrad får namn etter den faglege fordjupinga i graden. Namnet blir enten "Bachelor i kultur- og samfunnsfag" eller "Bachelor i realfag".

Korleis få tilgang til emne?

Enkeltemnestudent

Dersom du er enkeltemnestudent, kan du ta emne ved UiO utan å ha opptak til eit studieprogram. Du har tilgang til ei rekkje emne som kan inngå i den faglege fordjupinga eller støttegruppa i ein fritt samansett bachelorgrad.

Merk at nokre emne berre er tilgjengelege for studentar som er tekne opp på bestemte studieprogram. Desse kan du ikkje melde deg til som enkeltemnestudent.

Merk også at programstudentar får melde seg til emna først. Emna kan raskt bli fulle når enkeltemnestudentar tek til å melde seg, så du er ikkje garantert plass.

Slik foregår opptak til enkeltemne.

Programstudent på eit bachelorprogram

Dersom du går på eit bachelorprogram, kan du ofte velje andre emne enn dei som inngår i programmet ditt. Desse emna kan du bruke til å setje saman den faglege fordjupinga eller støttegruppa i ein fritt samansett bachelorgrad. 

Merk at nokre emne er tilgjengelege berre for studentar på visse studieprogram. Les derfor emnegruppeomtalane nøye før du tek til på eit fritt samansett studieløp.

Programstudent på ei årseining

Dersom du går på ei årseining, kan du halde fram som enkeltemnestudent, jf. ovanfor. Du kan utvide årseinga til ei fagleg fordjuping eller bruke årseininga som støttegruppe i ein fritt samansett bachelorgrad.

Merk at nokre emne er tilgjengelege berre for studentar på visse studieprogram. Les derfor emnegruppeomtalane nøye før du tek til på eit fritt samansett studieløp.

Du må søke

Har du allereie ei utdanning på minst tre år som tilfredsstiller krava? Då kan du søke om å få godkjent den som ein fritt samansett bachelorgrad og få vitnemål.

Les meir om kva graden må innehalde, vitnemål og korleis du kan søke

 

Spørsmål?

Planlegg du å bygge ein fritt samansett bachelorgrad sjølv? Treng du hjelp til å planlegge studieløpet ditt? Kontakt fakultetet som er ansvarleg for den faglege fordjupinga du ønsker å ha med i bachelorgraden.

Kontakt studieinformasjonssenteret på fakultetet

Publisert 3. okt. 2022 13:56 - Sist endra 21. des. 2022 12:02