Krav til forkunnskapar for å ta enkeltemne

Nokre emne har obligatoriske forkunnskapskrav. Du må dekkje krava før du kan ta slike emne.

Sjekk om emnet har krav til forkunnskapar

Emne kan ha krav til forkunnskapar i tillegg til krav om generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav. Obligatoriske forkunnskapskrav er vanlegvis tidlegare beståtte emne ved UiO. Informasjon om forkunnskapskrav finn du på nettsida til emnet du er interessert i. Sjå emne ved UiO.

Dekkje forkunnskapskrav med anna utdanning?

Har du utdanning frå ein annan lærestad, kan du få vurdert om utdanninga dekkjer forkunnskapskravet. Kontakt fakultetet som tilbyr emnet så raskt som mogleg for å få informasjon om kva du må dokumentere, og korleis du skal gå fram.

Skal du ta emne som har HMS-emne som forkunnskapskrav?

Nokre emne har krav om kunnskapar i helse, miljø og sikkerheit/tryggleik (HMS). Viss du ikkje har bestått dei aktuelle HMS-emna tidligare, må du melde deg opp til og gjennomføre dei i byrjinga av semesteret. Utan godkjent HMS-opplæring vil du ikkje få delta på obligatorisk undervisning i felt og/eller på laboratoriet. Informasjon om HMS-emne finn du på nettsida til emnet du er interessert i.

Publisert 30. nov. 2022 14:30 - Sist endra 12. des. 2022 10:05