Opptakskrav og dokumentasjon

Du må vere registrert med generell studiekompetanse ved UiO for å kunne melde deg til enkeltemne med ledige plassar. Vil du ta enkeltemne i informatikk eller realfag, må du også vere registrert med spesielle opptakskrav.

Generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav

Viss du ikkje er registrert med generell studiekompetanse og eventuelt spesielle opptakskrav ved UiO, må du laste opp dokumentasjon når du søkjer om å bli enkeltemnestudent i Søknadsweb.

Elektronisk vitnemål

Har du elektronisk vitnemål i Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB), treng du ikkje laste opp bilete av papirvitnemålet.

Unntak fra kravet om generell studiekompetanse

Har du ikkje generell studiekompetanse, kan du etter bestemte reglar bli kvalifisert på grunnlag av realkompetanse eller dispensasjon frå kravet om generell studiekompetanse.

Søkjer du på grunnlag av realkompetanse eller dispensasjon, må du bli vurdert for alle emna du ønskjer å ta. Du må oppgi emna du vil bli vurdert for på eit eige skjema.

Sjekk av originaldokumentasjon

Vi kan be deg leggje fram originaldokumentasjon. Om du ikkje viser fram originalane på førespurnad, får du ikkje ta enkeltemne. Sjå også falske dokument.

Forkunnskapskrav til nokre emne

Emne kan ha forkunnskapskrav i tillegg til krav om generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav. Informasjon om forkunnskapskrav finn du på nettsida til emnet du er interessert i. Sjå emne ved UiO.

Har du anna utdanning som du tenkjer kan erstatte forkunnskapskrava?

Kontakt fakultetet som tilbyr emnet, så raskt som mogleg om korleis du skal gå fram og kva du må dokumentere.

Publisert 30. apr. 2015 12:06 - Sist endra 30. nov. 2022 14:36