Stipendiatar

Ingrid og Frikk jobber ved Økonomisk institutt.

Ingrid Hjort og Frikk Nesje rådar dei som ønsker å bli stipendiat å vere lidenskapleg interessert i studiane og faget.

Kvifor valde de å søke på denne jobben?

Eg valde å søke på jobben fordi eg likar å studere, seier Frikk. Arbeidet med masteroppgåva samt eit årsopphald ved London School of Economics gjorde det veldig klart for han at muligheitene for å fortsette som forskar låg der. Gjennom å vere forskingsassistent og seminarleiar i studietida hadde han og fått eit inntrykk av livet på instituttet.

Ingrid var og forskingsassistent. På den måten fekk ho delta på konferansar og møtte forskarar frå heile verda. Ho blei såleis betre kjent med fagmiljøet, dei tilsette ved instituttet, og fekk innblikk i korleis det er å vere forskar. Ho syntes det var spennande å sjå at variasjonen innan kva som ble forska på var mykje større enn inntrykket ho hadde fått som student, men ideen om å bli forskar sjølv tok lengre tid.

Tanken på at eg og kunne bli stipendiat slo meg først då eg blei kjend med nokre verkeleg inspirerande og kule kvinnelige stipendiatar. For meg var desse forbilda spesielt viktige, og avgjerande for korleis eg sette mine eigne mål, seier Ingrid.

Kva trur de var dei viktigaste faktorane for at de fekk jobben?

Begge er samde om at kombinasjonen gode karakterar og ein god søknad med ei prosjektskisse er avgjerande. Gjennom prosjektskissa har ein muligheit til å vise evna til å stille interessante forskingsspørsmål. Frikk påpeikar at erfaring som forskingsassistent kan vere relevant.

Kva er arbeidsoppgåvene dykkar?

Ein viktig del av arbeidet som stipendiat er eiga forsking. Eg forskar på spørsmål knytt til korleis ein burde fordele ressursar mellom generasjonar, fortel Frikk.

I tillegg sit eg med eit ansvar for å prøve å gjere funna mine kjende, gjennom å få arbeida mine på trykk i internasjonale tidsskrift samt å kommunisere funna til verda utanfor akademia, fortset han. Undervisning er og ein stor del av det å vere stipendiat.

Korleis brukar de utdanninga dykkar?

Begge brukar utdanninga kvar einaste dag. Frikk seier han nyttar både teori- og metodekunnskapen han har opparbeidd gjennom studia ved UiO, i tillegg til at utdanninga har gjeve han eit solid fundament for korleis å gå fram på søk etter nye svar. Ingrid legg til at som stipendiat er du framleis student, kor ein tek doktorgradsfag som bygger på masterfaga.

Kva er dykkar beste tips til studentar som ønsker å bli attraktive på arbeidsmarknaden?

Ingrid oppmuntrar studentar til å planlegge i god tid kva dei vil søke på, og jobbe målretta for å møte dei krava og kvalifikasjonane som krevjast. Som forskingsassistent fekk Ingrid motivasjonen til verkeleg å satse på studiane. -Det gav meg inspirasjon og mot til å velje forskingsfordjuping under masterstudiane slik at eg kunne søke stipendiatstilling, seier ho.

Ho trur og at relevant arbeidserfaring under studiane er nyttig for at ein sjølv skal finne motivasjonen til å nå sine målsetjingar. Frikk legg til: Tipset mitt er ikkje å bli blenda av pensumlista til eit kurs. Spør spørsmål, i tillegg til å søke relevant informasjon frå andre kjelder.

Ver og frivillig i studiekvardagen og prøv å få relevante deltidsjobbar frå så tidleg som mulig, rådar han.

Ingrid rådar dei som ønsker å bli stipendiat å vere lidenskapleg interessert i studiane og faget. Det er med andre ord ein fordel å vere litt skuleglad, seier ho med eit smil. «Då masteren kom mot slutten tenkte eg at studiane kan ikkje slutte no som det verkeleg byrja å bli spennande!»  Dei er begge samde om at det er eit privilegium å få studere vidare samtidig som dei er i jobb, sjølv om det kan vere slitsamt med kjensle av evig eksamensperiode.

Publisert 6. apr. 2017 09:46 - Sist endret 13. mars 2020 10:46