Jobb og vidare studiar

Jobb

Spesialistkandidaten skal etter fullført utdanning vera kvalifisert for:
  • utgreiing og behandling av kompliserte og/eller uvanlige tilfelle
  • konsultasjons- og rådgivingsfunksjonar
  • undervisning av studentar og anna helsepersonell
  • fagleg utvikling og deltaking i forskning
  • kritisk vurdering av faglitteratur
  • å vareta kontakt med universitetsmiljøa og tannhelsetenesta

Spesialistgodkjenning

Du må sjølv søkja Helsedirektoratet om autorisasjon som spesialisttannlege.
 
Det er viktig å lesa rettleiinga nøye før søknadsskjema blir fylt ut. Tilgang til søknadsskjema og rettleiing får du på Helsedirektoratets sider for spesialistgodkjenning. Sjølve søknadsskjemaet blir sendt elektronisk via Altinn.
 
Du kan søkja når som helst så snart du har fullført spesialistutdanninga. For deg som søkjar betyr dette at du må ha tilgang til Altinn anten via Minid eller ein av dei andre alternativa for innlogging. For informasjon om innlogging, sjå nettsida til Altinn på www.altinn.no.

Vidare studiar

Dersom du ønskjer ein forskarkarriere, kan høvet til å søkja ei stipendiatstilling vera noko for deg. Sjå meir om doktorgradsprogrammet ved fakultetet.

 

Fra studier til jobb

  • Hvordan finne jobben?
  • CV, søkad og intervju

Se nyttige tips og meld deg på kurs

Publisert 16. nov. 2023 14:39 - Sist endra 7. feb. 2024 17:18