Kva lærer du?

Hovudelementa i studieprogrammet er introduksjonskurs, basalutdanning, teoretisk fordjuping og klinisk praksis.

I utdanninga kombinerast teori og klinisk praksis tilsvarande gjennomsnittleg 30 studiepoeng per semester. Rekkjefølgja på emna kan variere på grunn av tilgang på internasjonal teoretisk ekspertise, type viste pasientkasus, kurs, kongressar, m.m. Ingen av emna kan takast som enkeltemne, men inngår som ein del av tre års heiltidsstudium.

Formålet med dei ulike emna i studieprogrammet er å gi kandidatane

  • grunnleggande ferdigheiter innan IT/digitale system, foto og metodisk plattform
  • eit felles medisinsk, biologisk og odontologisk fagleg grunnlag for seinare fordjuping i vald fagretning
  • kliniske ferdigheiter og teoretisk fordjuping tilsvarande speialistkompetanse

Sjå meir om dei ulike kursa, kva som er obligatorisk og kva valfritt på Oppbygging og gjennomføring.

Læringsmål

Evalueringsformer og eksamen

Vurdering av klinisk praksis - mappevurdering

Det blir alltid ført journal for kvar pasient og kvar arbeidsoperasjon. Ulike tilstandar og former for endodontisk utgreiing utgjer dokumentasjon av utført pasientbehandling og samlast i ei læringsmappe. Mappa visar det kliniske arbeidet som kandidaten har utført under spesialistutdanninga si. Det blir dessutan ført ein elektronisk logg over behandla kasus for kvar kandidat.

Læringsmappa må vere omfattande for at omgrepet treårig heiltids studium skal kunne rettferdiggjerast. Fagavdelinga set krav om fleire kasus som svarer til ein rimeleg klinisk arbeidsinnsats over ca. 1600 arbeidstimar direkte relatert til endodonti. Det skal dokumenterast stor variasjonsbreidd blant dei behandla kasusa.

Ei vurderingsmappe er ei samling arbeidselement, vanlegvis behandling av pasientar, som blir valde ut frå læringsmappa og som blir lagt fram til eksamen. Vurderingsmappa går òg under namnet klinisk spesialistarbeid. Dette er eit vitskapleg arbeid normert til 500 timar, på eit nivå som kan publiserast i NTFs Tidende. Unntaksvis kan eit kompilatorisk arbeid eller eit dokumentert undervisningsopplegg godkjennast som klinisk spesialistarbeid. Alle kasus som blir presenterte i vurderingsmappa må vere dokumenterte ut frå bestemde krav som blir sett opp av fagavdelinga. Vurderingsmappa skal innehalde kompliserte kasus, ha god variasjonsbreidd og omfatte eit utval av kasus frå læringsmappa. 

Innan du blir meldt opp til eksamen skal du dokumentere ca. 180 nye pasientar/kasus og ha følgt opp ca. 90 pasientar etter avslutta behandling. Pasientane skal representera eit breitt spekter av pulpale og periapikale sjukdommar og behandlingsstrategiar. Det skal også vera kasus med diagnostikk og oppfølging av relaterte diagnosar (til dømes neuropati, resorpsjonar, kombinerte diagnosar).

Ved eksamen kan sensor nytta materialet i vurderingsmappa som ein del av grunnlaget for å bedømme dei kliniske ferdigheitene til kandidaten. Vurderingsmappa kan òg vere utgangspunkt for sjølve eksaminasjonen.

Avsluttande eksamen

Studiet avsluttast med ein praktisk muntleg eksamen i 6. semester. Sjå meir om korleis du blir meldt opp til eksamen i emnet OD8195.

Meir info

Du finn spesifisert informasjon om evaluering og eksamen under dei ulike emna. Sjå lenker til emna på nettsiden om oppbygging og gjennomføring.

Publisert 15. nov. 2023 18:58 - Sist endra 18. juni 2024 14:48