Kva lærer du?

Hovudelementa i studieprogrammet er introduksjonskurs, basalutdanning, teoretisk fordjuping og klinisk praksis.

I utdanninga kombinerast teori og klinisk praksis tilsvarande gjennomsnittleg 30 studiepoeng per semester. Rekkefølga på emna kan variere på grunn av tilgang på internasjonal teoretisk ekspertise, type viste pasientkasus, kurs, kongressar, m.m. Ingen av emna kan takast som enkeltemne, men inngår som ein del av tre års heiltidsstudium.

Formålet med dei ulike emna i studieprogrammet er å gi deg

  • grunnleggande ferdigheiter innan IT/digitale system, foto og metodisk plattform
  • eit felles medisinsk, biologisk og odontologisk fagleg grunnlag for seinare fordjuping i vald fagretning
  • kliniske ferdigheiter og teoretisk fordjuping tilsvarande speialistkompetanse

Du finn meir om dei ulike kursa og kva som er obligatorisk eller valfritt på Oppbygging og gjennomføring.

Læringsmål

Evalueringsformer og eksamen

Vurdering av klinisk praksis - mappevurdering

Det blir alltid ført journal for kvar pasient og kvar arbeidsoperasjon. Ulike tilstandar og former for radiologisk utgreiing utgjer dokumentasjon av utført pasientbehandling og samlast i ei læringsmappe. Mappa viser det kliniske arbeidet som kandidaten har utført under spesialistutdanninga si.

Læringsmappa må vere omfattande for at omgrepet treårig heiltidsstudium skal kunne rettferdiggjerast. Fagavdelinga set krav om antal kasus i mappa som svarer til ein rimeleg klinisk arbeidsinnsats på omlag 2000 arbeidstimar.

Ei vurderingsmappe er ei samling arbeidselement, vanlegvis behandling av pasientar, som blir valde ut frå læringsmappa og som blir lagt fram til eksamen. Vurderingsmappa går òg under namnet klinisk spesialistarbeid. Dette er eit vitskapleg arbeid normert til 500 timar, på eit nivå som kan publiserast i NTFs Tidende. Unntaksvis kan eit kompilatorisk arbeid eller eit dokumentert undervisningsopplegg godkjennast som klinisk spesialistarbeid.

Alle kasus som blir presenterte i vurderingsmappa må vere dokumenterte ut frå bestemde krav som blir sett opp av fagavdelinga. Vurderingsmappa skal innehalde kompliserte kasus, ha god variasjonsbreidd og omfatte eit utval av kasus frå læringsmappa. 

Innan du blir meld opp til eksamen skal du dokumentere 600 radiologiske pasientutgreiingar. Det skal dokumenterast stor variasjonsbreidd blant dei ulike utgreiingane. Dokumenterte utgreiingar er i kvart tilfelle òg gjenstand for fagleg refleksjon.

Ved eksamen kan sensor nytta materialet i vurderingsmappa som ein del av grunnlaget for å bedømme dei kliniske ferdigheitene til kandidaten. Vurderingsmappa kan òg vere utgangspunkt for sjølve eksaminasjonen.

Avsluttande eksamen

Studiet avsluttast med ein praktisk muntleg eksamen i 6. semester. Sjå meir om korleis du blir meld opp til eksamen i emnet OD8295.

Meir info

Du finn spesifisert informasjon om evaluering og eksamen under dei ulike emna. Sjå lenker til emna på nettsiden om oppbygging og gjennomføring.

Publisert 1. feb. 2024 19:35 - Sist endra 18. juni 2024 14:49