Kvifor velje denne retninga?

Ei spesialistutdanning i kjeveortopedi gir deg avansert kompetanse innan diagnostikk og behandling av kjeve- og bitfeilstillingar.

Innhald i studiet 

Spesialistutdanninga i kjeveortopedi er eit heiltidsstudium over tre år (seks semester – 40 veker per kalenderår, 37,5 timar per veke). Det er på totalt 180 studiepoeng, noko som svarer til 180 European Credits (ECTS). Éin ECT utgjer 25-30 timars arbeid.

Innhaldet og omfanget av studiet er tilpassa dei krava som er beskrivne i "The Erasmus Project" (Eur J Orthod 1992; 14:85-94, An update of the guidelines Eur J Orthod 2014; 36:340-349) og i Regler for spesialistutdanning av tannlegar (HOD 05.02.2014; justert 11.10.2016). Utdanninga er eit vitskapleg forankra heiltidsstudium som føreset at undervisarar har minimum spesialistutdanning i kjeveortopedi og doktorgrad (Ph.d. eller tilsvarande).

Semesterutvalet til denne utdanninga (SUSp) har i oppgåve å føre tilsyn med gjennomføringa av programmet.

Studiemiljø

Spesialistkandidatane blir ein del av eit lite men tett fagmiljø av studentar og fagpersonar, først og fremst knytt til eige fagmiljø, men òg på tvers av fagretningane. Som student kjem du òg tett på resten av studentane på tannpleier- og tannlegeutdanninga gjennom rettleiarrolla di i klinisk praksis.

Livet som student er meir enn sjølve studieprogrammet du går på. Ved UiO finn du tilbod om trening til gunstig pris, velferdstilbod, studentdemokrati og meir enn 250 studentforeiningar – sjå Livet rundt studiane eller SiO Foreninger.

Spesialistkandidatane er representerte i semesterutvalet SUSp og Programutvalget for studie og studieprogram PSS.

Jobb og vidare studiar 

Etter avslutta spesialistutdanning kan du få jobb som tannlegespesialist både i offentleg og privat sektor. Du kan òg velje ein akademisk karriere som forskar eller undervisar ved eit universitet. Du har òg høve til å ta ei forskarutdanning. 

Publisert 30. jan. 2024 18:36 - Sist endra 18. juni 2024 14:48