Kvifor velgje denne retninga?

Med ei spesialistutdanning i oral protetikk får du spesialkompetanse til å erstatte tapte tenner; anten ved hjelp av avtakbare protesar, tannretinerte protesar eller implantatretinerte protesar.

Innhald

Spesialistutdanninga i oral protetikk er eit heiltidsstudium over tre år (seks semester – 40 veker/kalenderår, 37,5 timar/veke). Det er på totalt 180 studiepoeng, noko som svarer til 180 European Credits (ECTS). Éin ECT utgjer 25-30 timars arbeid.

Oralprotetikaren skal i sitt samfunnsoppdrag kunne utføre inngåande diagnostisk utgreiing av omfattande og sjeldan forekommande medisinske tilstandar, og dessutan planleggje protetisk behandling av slike tilstandar, behandle særleg vanskelege kasus og leie samarbeidet mellom nødvendige spesialistar og allmenntannlegar i rehabilitering av pasientar med omfattande og kompliserte behandlingsbehov.

Utdanninga er eit vitskapleg forankra heiltidsstudium som føreset at undervisarar har minimum spesialistutdanning i oral protetikk og akademisk grad tilsvarande dr.odont. eller ph.d.

Semesterutvalet til denne utdanninga (SUSp) har i oppgåve å føre tilsyn med gjennomføringa av programmet.

Studiemiljø

Spesialistkandidatane blir ein del av eit lite men tett fagmiljø av studentar og fagpersonar, først og fremst knytt til eige fagmiljø, men òg på tvers av fagretningane. Som student kjem du òg tett på resten av studentane på tannpleier- og tannlegeutdanninga gjennom rettleiarrolla di i klinisk praksis.

Livet som student er meir enn sjølve studieprogrammet du går på. Ved UiO finn du tilbod om trening til gunstig pris, velferdstilbod, studentdemokrati og meir enn 250 studentforeiningar –sjå Livet rundt studiane eller SiO Foreninger.

Spesialistkandidatane er representerte i semesterutvalet SUSp og Programutvalget for studie og studieprogram PSS.

Jobb og vidare studiar 

Etter avslutta spesialistutdanning kan du få jobb som tannlegespesialist både i offentleg og privat sektor. Du kan òg velje ein akademisk karriere som forskar eller underviser ved eit universitet. Du har òg høve til å ta ei forskarutdanning. 

Publisert 30. jan. 2024 18:36 - Sist endra 18. juni 2024 14:48