Kva lærer du?

Hovudelementa i studieprogrammet er introduksjonskurs, basalutdanning, teoretisk fordjuping og klinisk praksis.

I utdanninga kombinerast teori og klinisk praksis tilsvarande gjennomsnittleg 30 studiepoeng per semester. Rekkjefølgja på emna kan variere på grunn av tilgang på internasjonal teoretisk ekspertise, type viste pasientkasus, kurs, kongressar, m.m. Ingen av emna kan takast som enkeltemne, men inngår som ein del av tre års heiltidsstudium.

Formålet med dei ulike emna i studieprogrammet er å gi kandidatane

  • grunnleggjande ferdigheiter innan IT/digitale system, foto og metodisk plattform
  • eit felles medisinsk, biologisk og odontologisk fagleg grunnlag for seinare fordjuping i vald fagretning
  • kliniske ferdigheiter og teoretisk fordjuping tilsvarande speialistkompetanse

Sjå meir om dei ulike kursa, kva som er obligatorisk og kva valfritt på Oppbygging og gjennomføring.

Læringsmål

Evalueringsformer og eksamen

Vurdering av klinisk praksis - mappevurdering

Det blir alltid ført journal for kvar pasient og kvar arbeidsoperasjon. Ulike tilstandar og former for pedodontisk utgreiing utgjer dokumentasjon av utført pasientbehandling og samlast i ei læringsmappe. Behandlinga som blir dokumentert i læringsmappa må spegle god breidd innanfor fagområdet pedodonti. Mappa viser det kliniske arbeidet som kandidaten har utført under spesialistutdanninga si.

Læringsmappa må vere omfattande for at omgrepet treårig heiltidsstudium skal kunne rettferdiggjerast. Fagavdelinga set krav om tal på kasus i mappa som svarer til ein rimeleg klinisk arbeidsinnsats på omlag 2000 arbeidstimar. Det skal dokumenterast stor variasjonsbreidd blant dei ulike behandlingane. Den dokumenterte behandlinga er i kvart tilfelle òg gjenstand for fagleg refleksjon.

Ei vurderingsmappe er ei samling arbeidselement, vanlegvis behandling av pasientar, som blir valde ut frå læringsmappa og som blir lagt fram til eksamen. Vurderingsmappa må innehalde kompliserte kasus og god variasjonsbreidd og omfatte eit utval av kasus frå læringsmappa. Innan du blir meldt opp til eksamen skal du dokumentere særs godt ti gjennomførte pasientbehandlingar.

Før kandidaten kan melde seg opp til eksamen må han/ho ha levert eit skriftleg arbeid basert på eige forsking (spesialistarbeid - forskningsprosjekt). Dette er eit vitskapleg arbeid normert til 500 timar, på eit nivå som kan publiserast i NTFs Tidende. Unntaksvis kan eit kompilatorisk arbeid eller eit dokumentert undervisningsopplegg godkjennast som klinisk spesialistarbeid. 

Ved eksamen kan sensor nytte materialet i vurderingsmappa som ein del av grunnlaget for å bedømme dei kliniske ferdigheitene til kandidaten. Vurderingsmappa kan òg vere utgangspunkt for sjølve eksaminasjonen.

Avsluttande eksamen

Studiet avsluttast med ein praktisk munnleg eksamen i 6. semester. Sjå meir om korleis du blir meldt opp til eksamen i emnet OD8695.

Meir info

Du finn spesifisert informasjon om evaluering og eksamen under dei ulike emna. Sjå lenker til emna på nettsiden om oppbygging og gjennomføring.

Publisert 1. feb. 2024 19:47 - Sist endra 18. juni 2024 14:49