Søknadsfrist og opptak

Det er opptak til dette studiet éin gong i året. Merk at du berre kan søkje om opptak til ei av studieretningane. 

  • Søknadsfrist: 1. oktober

Studieprogrammet har oppstart på høsten året etter søknadsfrist. Vi gjer merksam på at søknadsprosessen er lang.

Du kan forvente svar på søknaden din i februar/mars i oppstartsåret.

Gå til Søknadsweb

Studieplassar

2

Pris

Nye studentar med statsborgarskap frå land utanfor EU/EØS og Sveits må betale studieavgift frå studieåret 2023/2024, med mindre dei kvalifiserer for eit unntak. Les om studieavgift og unntak.

Opptakskrav

  • Fullført odontologisk grunnutdanning (tannlegeutdanning).
  • Tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk. Dette gjeld normalt søkjarar som har vidaregåande utdanning utanfor Norden. Har du vitnemål frå norsk vidaregåande skule som gir generell studiekompetanse, dekkjer du språkkrava i norsk og engelsk med faga på vitnemålet.
  • Norsk autorisasjon som tannlege.
  • Minimum to års erfaring som tannlege på heiltid frå allmennpraksis. I heilt spesielle tilfelle kan det innvilgast dispensasjon frå kravet om to år (jf. Spesialistreglane fastsatt av Helse- og omsorgsdepartementet). 

Politiattest

Søkjarar som får tilbod om plass på dette studiet må leggje fram politiattest slik den er omtala i helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Studentar som ikkje leverer godkjend politiattest har ikkje rett til å delta i klinisk undervisning eller praksisstudiar og kan miste studieretten.

Slik søkjer du om politiattest.

Dokumentasjon

Du må innan søknadsfristen laste opp:

  • dokumentasjon på bestått odontologisk grunnutdanning
  • dokumentasjon på norsk og engelsk, eller vitnemål frå vidaregåande skule som gir generell studiekompetanse
  • skjema om praksis og kurs
  • praksisattest(ar) frå arbeidsgivar som viser at du har jobba minst 2 år til saman
  • CV, motivasjonsbrev og referansar
  • eventuell anna meritterande verksemd som du ønskjer vektlagt

Du lastar opp dokumentasjon i Søknadsweb.

Rangering av søkjarar

Kvalifiserte søkjarar blir rangerte etter poeng (pdf).

Opptaket vedtas av Nasjonal opptakskomité for spesialistutdanning (NOS), og Programutvalget for studier og studieprogram (PSS).

Godkjenning av tidlegare utdanning

Dersom du tidlegare har starta spesialistutdanning ved UiO eller ein annan lærestad, kan du søkje om godkjenning av emne ved UiO. Dei faglege krava i programmet avgjer om utdanninga kan godkjennast. Les meir om korleis du søkjer om godkjenning av utdanning.

Søknadsfrist: 1. mai, etter at du har fått tilbod om studieplass.

For kurs tekne utanfor fakultetet gjeld:

Kurs tekne for meir enn 10 år sidan kan vanlegvis ikkje godkjennast.
Søknad om godkjenning av eksterne kurs blir avgjord av semesterutvalet i samråd med faglærar.
Kursa må vere valde slik at dei samla utgjer ein fagleg relevans til den aktuelle spesialiteten.