Tilsynssensors årsrapport for bachelorprogrammet i utviklingsstudiet, UiO

 

1. Bakgrunnsinformasjon

1.1 Emne og studieprogram rapporten er gyldig for

Rapporten gjeld emnet UTV1000 på bachelorprogrammet i utviklingsstudier, UiO.

1.2 Tilsynssensor si funksjonsperiode

Underteikna vart oppnemnt som tilsynssensor i 2008 og skal ha ein funksjonsperiode på 3 år. Dette er første tilsynsrapporten i perioden.

2. Utforming av arbeidet

2.1 Avtale om vurderingsarbeidet

Tilsynssensor er særskilt bedd om å vurdere eksamensresultat, sensuren og vurderingsforma som er brukt på innføringsemnet UTV1000 sett i forhold til læringsmåla og kvaliteten i heile vurderingssystemet. I tillegg til informasjon som ligg på programmet sine heimesider fekk tilsynssensor også tilgang til eit samandrag av studentevalueringa av bachelorprogrammet i utviklingsstudier våren 2008, programrådsreferat frå 22. august 2008, UTV1000-eskamensoppgåver og eksamenssvar, fagspesifikk beskriving av karakterar for bachelor i samfunnsgeografi og karakteroversikter for GEO1000 og GEO3090, samt eksempel på karakterklagesaker på desse to emna. Kommentarane er basert på denne informasjonen.

2.2 Prinsipp for utveljing av enkeltprestasjonar i tilsyn med karaktersetting

Fire eksamenar frå UTV1000 er valde ut for å representere nivået på karakterane som vart gitt på emnet hausten 2007.

2.3. Møte

Det har ikkje vore avtala eller oppstått behov for å halde møte.

2.4 Andre forhold å kommentere

Det har vore e-post og telefonkontakt mellom tilsynssensor og studiekonsulenten på programmet for å klargjere den praktiske gjennomføringa.

3. Evaluering av vurderingar og vurderingsordninga på Innføringsemne i utviklingsstudiar, UTV1000

Læringsmåla til UTV1000 kan kort gjengjevast frå informasjonssidene som følgjer:

Kunnskapsmål:

Kjenne til grunnleggende utviklingsproblemer i sør; utviklingstrender i sør og nord; kjenne til ulike måter å definere og måle fattigdom og ulikhet på; ha kjennskap til tilnærminger i utviklingsforskning i de ulike samfunnsvitenskapelige fagene.

Ferdighetsmål:

Være i stand til å presentere ulike synspunkter på hva som er grunnleggende utviklingsproblemer i sør og hva årsakene til problemene er; gjennom skriving av obligatorisk oppgave, og ved systematisk kommentering av andre oppgaver ha fått grunnleggende skrivetekniske, teoretiske og analytiske ferdigheter; ha øvelse i muntlig presentasjon og systematisk analyse gjennom fremlegg av oppgaver i seminargrupper og kritiske kommentarer til andres oppgaver.

Holdningsmål:

Du skal forstå at uviklingsprosesser er komplekse og dermed utvise en kritisk holdning til informasjon om utviklingsproblemer i sør.

Evalueringa av utforminga av eksamensoppgåvene og karaktersettinga er gjort i lys av desse læringsmåla.

3.1 Evaluering av utforming av eksamensoppgåver

Ved eksamen for haustsemesteret 2007 vart det gitt tre oppgåver og studenten skulle svare på to av desse. Oppgåvearket gir grei informasjon om lengda på eksamen og talet av oppgåver ein skal svare på.

Tema for dei tre oppgåvene var 1) globalisering, 2) moderniseringsteori og 3) kjønn og utvikling. Oppgåvene er klart og enkelt formulerte. Dei inviterer til definisjon av omgrep og til diskusjon.

Oppgåvene tek opp klassiske grunnleggande tema innan utviklingsstudiar som studentane i både førelesingar og pensum skal ha fått innføring i. Oppgåvene er relevante i høve til læringsmåla, pensum og førelesingar. Det einaste ein kunne etterspørje i dette årets oppgåvesett er ei eksplisitt oppfordring til refleksjon omkring det fleirfaglege samfunnsvitskaplege perspektivet på utviklingsproblematikk (som jo er poengtert som eit kunnskapsmål). Eg vil tru at studentane gjennom undervisinga har fått ei forståing av det fleirfaglege perspektivet og at studentar som får dette godt fram på eksamen blir premierte.

3.2 Evaluering av vurderingsprosessen, karaktersetjinga og nivået

Studentane er gjort godt kjent på informasjonssidene til UTV1000 med bruken av bestått som karakter på obligatorisk semesteroppgåve og karakterskala A-F på skuleeksamen som vurderingsordning. På eit innføringsemne som UTV1000 er dette ei adekvat vurderingsform. Skriving av semesteroppgåve og presentasjon av denne er særskilt gunstig for å oppfylle ferdiheitsmåla og holdningsmåla, altså intensjonen med studiet. Underteikna har ikkje grunnlag for å vurdere nivået på semesteroppgåvene då ikkje slike eg framlagde for gjennomsyn, men eg tenkjer at det viktigaste her er læringsprosessen studenten går igjennom med skrive/presentasjonsarbeidet.

Eg har lese dei fire eksamensoppgåvene som kvar representerte nivået for A, B, C og D (ingen var gitt E eller F) og vurderer karaktersettinga som korrekt i høve karakterbeskrivinga for bachelor på samfunnsgeografi. A’en hadde god struktur, presenterte mykje kunnskap om emnet, god teoretisk innsikt, og presenterte ein reflektert og fyldig diskusjon. Det var ikkje like lett å vurdere nivået på B- og C-oppgåvene i forhold til kvarandre. B-oppgåva var unødvendig ordrik og mindre strukturert enn C-oppgåva, men eg er likevel einig i karaktersettinga ettersom B’en hadde trekt inn fleire relevante eksempel enn C’en. D-oppgåva var korrekt karaktersett; her presenterer studenten ein del kunnskap om utviklingsproblematikk men har ei svært overflatisk forståing av moderniseringsomgrepet, og det er lite som tyder på grundig lesing og forståing av pensum.

Eg har ikkje føresetnad for å evaluere vurderingsprosessen (sensuren). Ut frå eksemplet på eksamensklage som er vurdert av ein kommisjon på to medlemer har eg ingen grunn til å tvile på at prosessen har vore prega av upartisk og fagleg forsvarleg prøving.

Fordelinga av karakterane er svært konsentrert om C (21 av 39), med 6 A’ar, 9, B’ar og 3 D’ar. Dette er kanskje ikkje så uvanleg på eit innføringsemne med mange ferske studentar. Når ein ser at B’en dominerer på avslutningsemnet UTV3090, er det naturleg å tenkje seg at mange ferske studentar går igjennom ein modningsprosess i løpet av studiet.

3.3 Evaluering av enkelte emne

Det evaluerte emnet er framleis UTV1000.

3.3.1 Faglig samanheng

Ut frå undervisingsplanen for hausten 2007 er det bra samanhang med innføring i utviklingsteori først og så ulike tematiske førelesingar. To kommentarar: førelesinga om ’globalisering’ kunne gjerne ha vore tidlegare i rekka, gjerne som ’teorier om globalisering’ etter dei to innføringsførelesingane om utviklingsteori og gjerne etterfølgt av ’handel og uvikling’. Kjønnsperspektivet kunne også med fordel trekkast inn tidlegare i førelesingsrekka, sidan det vil vere relevant for dei andre tema som blir tekne opp.

Pensum er to bøker (Banik og Allen&Thomas). På pensum for emnet året etter i 2008 ser eg at mange mindre artiklar i eit kompendium er trekte inn og at fleire kapittel i dei to bøkene er fjerna frå pensum. Det er OK å oppdatere og trekke inn interessante ting på pensum på denne måten. Samstundes skal ein vere forsiktig med å lage eit veldig fragmentert pensum på eit innføringskurs.

3.3.2 Funksjonalitet innanfor ramma av programmet

Etter det eg kan sjå av emnebeskrivinga og av studentevalueringa våren 2008, gir UTV1000 ein fin start på bachelorstudiet og ei god innføring i grunnleggande teoretiske perspektiv og tema. Eg trur også seminar og semesteroppgåve verkar samlande på studentane og fremjar kullkjensla tidleg i studiet.

3.3.3 Studietilbodet som heilskap

Bachelorprogrammet har ei fornuftig oppbygging med generell tverrfagleg innføring først, innføring i dei fire faga og så fagleg spesialisering. Det at SVEXFAC03 ikkje kjem før i tredje semester verkar ikkje heilt hensiktsmessig i eksempelet på studieløp. Det ville også vere meir logisk at metodekurs vart lagt til semesteret før studentane skal ut på feltarbeid, altså i femte semester. Eg går ut frå at det ligg praktiske årsaker til grunn for plasseringa av desse emna i studieløpet og at den rekkefølgja eg kunne tenkt meg er mogleg å velje. Det vill i alle fall vere ein fordel.

Ut frå studentevalueringa av programmet våren 2008 får ein inntrykk av at dei 35% av studentane som har svara er svært nøgde med studietilbodet. Spesielt positivt er det at storparten trivst godt ved studiet, og i så måte er fadderordninga ved studiestart viktig. Studentane gir uttrykk for at dei ikkje får vist kva dei kan gjennom vurderingsformene (oppgåveskriving og skriftelg/munnleg eksamen). Dei vil også ha meir valfridom m.o.t. vurderingsformer. Dette med meir tilbakemelding undervegs er generelt noko studentar gjerne vil ha, og er positivt dersom det ressursmessig let seg gjere. Slik eg vurderer det er det likevel rimeleg bra med tilbakemelding ettersom studentane skal skrive og presentere semesteroppgåve på i alle fall dei fleste av dei obligatoriske emna.

Det går fram at det bør gjerast endringar på at avslutningsemnet UTV3090, men det går ikkje klart fram kva desse bør gå ut på. Av rådsreferatet (22.08.08) går det fram at det vart gjort eit vedtak om at dersom ein står på skriftleg eksamen men stryk på munnleg eksamen, har ein berre høve til å ta opp att munnleg eksamen. Eg føreset at dette er i tråd med fakultetet sitt reglement. Eg kan ikkje sjå at denne regelen er klart gjort greie for under informasjonssidene til emnet.

4. Drøftingar med fagmiljøet undervegs

Det har ikkje vore gjort andre drøftingar med fagmiljøet undervegs enn kontakten med studiekonsulenten. Det kan også nemnast at tilsynssensor tok del i komiteen for periodisk evaluering av bachelorprogrammet i utviklingsstudiar i april 2007 og då møtte leiar i programrådet Hege Knudsen, samt dåverande studiekonsulent, seminarleiar og studentrepresentantar. Dette dannar ein generell bakgrunn for forståinga av studieprogrammet.

5. Tilråingar

Det generelle inntrykket er at programmet har gått seg til og fungerer bra som ein heilskap, at studentane trivst og at dei presterer gode resultat. Tilrådingane er derfor:

  • UTV1000 fungerer bra som innføringsemne. Heilskap i pensum og logisk rekkefølgje i førelesingsrekka bør vere eit mål. Eg ser ikkje behov for meir tilbakemelding til studentane på enn eksisterande seminar, semesteroppgåve og framføring av denne.
  • Meir tilbakemelding til studentane undervegs (på fagemne som har lite av det) i løpet av studiet bør vurderast.
  • Besøk hos NORAD bør ikkje halde fram utan endring i opplegget frå NORAD si side. Om det framleis ikkje fungerer bør ein vurdere å besøke ein annan relevant institusjon eller organisasjon.
  • Informasjon om ordninga med at ein berre kan ta opp att munnleg dersom ein står på skriftleg men stryk på munnleg på UTV3090 bør formulerast klarare på informasjonssidene til emnet.
  • Eg vil tilrå å evaluere UTV3090 neste gong.

 

Bergen, 13. februar 2009

Ragnhild Overå

Publisert 6. juni 2012 17:02