Valnøkkel i eValg

Slik handterer du valnøklar.

Korleis tek eg vare på valnøkkelen?

Som valadministrator må du sikre at:

  • Meir enn berre ein person har tilgang til valnøkkelen, i tilfelle du vert utilgjengeleg på opptellingstidspunktet.
  • Ingen andre enn valstyret og/eller valsekretariatet har tilgang til valnøkkelen.

Det er opp til valstyret å vurdere kva som er trygg nok oppbevaring. Sikkerhetsvurderinga bør henge saman med synligheten og omfanget på valet.

Dømer på oppbevaring:

  • Legg den på ein minnepinne og putt den i eit låst skap, eller ein safe.
  • Lagre den på eit fellesområde som berre valstyret/valsekretariatet har tilgang til.
  • Passordbeskytt passordfila med eit godt og langt passord, og del fila med dei andre. Overlever passordet muntleg.

Bruk gjerne Lagringsguiden til IT-sikkerhet for å vurdere riktig oppbevaring for ditt val. Sjå også sidene om Sikker oppbevaring.

Kva gjer eg om eg har mista valnøkkelen min?

Sentralt Valsekretariat har tilgang til ein kryptert kopi av alle valnøklar på UiO, som dei ved behov har mulighet for å hente ut. Dersom valnøkkelen er tapt, må valet tellast opp og avsluttast i møte hos Sentralt Valsekretariat.

Rutina ved tap av valnøkkel:

  1. Informer dei andre i valstyret og valsekretariatet om situasjonen.
  2. Ta kontakt med Sentralt Valsekretariat, på valgsekretariatet@admin.uio.no, frå din e-postkonto på UiO. Inkluder:
    • Namn på valet
    • Lenke (URL) til admin-sidene for valet i eValg (den inneheld valet sin unike ID).
    • Valet sin offentlege nøkkel. Du finn denne på statussida til valet.
  3. Avtal tid for møte hos Sentralt Valsekretariat. Valstyret og valsekretariatet må delta i møtet, saman med deltakarar frå Sentralt Valsekretariat. Møtet haldast i Lucy Smiths hus. Sentralt Valsekretariat er ikkje alltid tilgjengelege, så merk at møtet kan måtte bli holdt litt fram i tid.
  4. Sentralt Valsekretariat vil verifisere at du er med i valstyret eller valsekretariatet og har tilgang til valet. Sentralt Valsekretariat informerer dei andre i valstyret, og fakultetet sine valansvarlege.
  5. Legg til personen du er i dialog med i Sentralt Valsekretariat som administrator i valet.
  6. Forsikre deg om at valet er heilt klart til opptelling før møtet. Til dømes må alle stemmer utanfor manntal vere ferdigbehandla.

I møtet hos Sentralt Valsekretariat vil dei hente ut riktig valnøkkel og starte opptellinga av valet. Møtet er å betrakte som eit vanleg valstyremøte, der valet tellast opp og godkjennast og signerast av valstyret.

Ta med gyldig legitimasjon til møtet hos Sentralt Valsekretariat!

Kva er ein valnøkkel?

Valnøkkelen brukast til å kryptere alle stemmesedlene i valet. Det er berre dei med tilgang til valnøkkelen som kan telle opp eit val, sidan det er berre denne nøkkelen som kan låse opp (dekryptere) stemmesetlane. Dette betrer anonymiteten, eller konfidensialiteten, til valet.

Meir detaljert bruker eValg asymmetrisk kryptering, der valnøkkelen er den private, hemmelege nøkkelen, medan eValg har den offentlege nøkkelen. Den offentlege nøkkelen brukast til å låse ned (kryptere) stemmesedlene, og det er berre den private valnøkkelen som kan låse opp att stemmesedlane.

Sjølv om eValg skulle ha blitt utsatt for eit vellykka angrep, vil angriparen ikkje ha muligheten til å sjå kva folk har stemt, sidan dei også må ha valnøkkelen for det gitte valet.

Publisert 1. sep. 2019 23:10 - Sist endret 7. sep. 2021 10:59