Meir om bofh

bofh er eit verktøy for arbeid mot Cerebrum, brukaradministrasjonssystemet ved Universitet i Oslo. Verktøyet vert i hovudsak brukt av IT-personell for å administrere andre brukarar, men det kan brukast av alle som har ein brukarkonto ved UiO.

Eksempel på bruk av bofh.
Døme på bruk av bofh.

bofh er eit kommandolinje-basert verktøy, og oppfører seg mykje som eit Linux-shell. bofh er eit akronym for "BrukerOrganisering For Hvermansen".

Alle med ein brukarkonto ved UiO kan logge inn i bofh. Her kan ein sjå informasjon som er registrert om personar, brukarkontoar og grupper. Ein kan òg endre si eiga informasjon.

Tilsette med IT-driftsoppgåver vil gjerne ha utvida tilgangar i bofh. Dei kan difor ha mogelegheit til å til dømes endre informasjon om andre brukarar, opprette grupper eller endre informasjon om tenarar.