Kriteria IT-tilgang som student: Du må vere aktiv student

For å få IT-tilgang som student, må du vere det vi kallar aktiv student. Her er krava som må oppfyllast for å vere aktiv student – og dermed ha tilgang til IT-tenestene på UiO:

Du definerast som aktiv student når følgande minstekrav er oppfyld:

  • Har opptak til studieprogram der dato for tildelt studierett er satt i perioden: 1. desember – 7. februar eller 1. juni – 7. september.
  • Er semesterregistrert og har betalt semesteravgift innen gjeldende frist, 1. februar eller 1. september.
  • Oppfyller minst eitt av kriteria:
    1. Følger eit studieprogram, som betyr:
      • Har gyldig studierett på studieprogram utan krav om utdanningsplan, og
      • Er meldt til vurdering i eit emne som kan inngå i dette studieprogrammet.
    2. Følger ein utdanningsplan, som betyr:
      • Har gyldig studierett på studieprogram med krav om utdanningsplan, og
      • Utdanningsplan er lagra for inneværande semester.
    3. Er emnestudent, dvs. har minst ei gyldig undervisningsmelding i inneværande semester.
    4. Har avlagt eksamen i eit emne som kan inngå i eit studieprogram ein har, eller har hatt, opptak til i inneværande semester.

Merk at privatistar får samme IT-tilgangar som aktive studentar.

Merk: Doktorgradsstudentar har berre krav om dei har gyldig studierett. Dei har ikkje krav om å vere semesterregistrerte.

Når mister eg tilgang til IT-systema på UiO?

Om du ikkje oppfyller krava til å være aktiv student, blir tilgangen din til å bruke IT-systema på UiO (e-post, lagring, utskrift o.l.) sperra.

Publisert 6. okt. 2022 12:00 - Sist endret 6. okt. 2022 12:14