Meir om WebID

WebID er eit samarbeidsverktøy der personar utanfor Feide kan få oppretta ein eigen WebID-brukar. Brukaren kan da få tilgang til nettenester som støtter WebID. Dette gjer det enklare å kunne samarbeide med eksterne personar.

I WebID kan kven som helst registrere seg og opprette sin eigen WebID-brukar. For at brukaren skal få tilgang til ei teneste må ein Feide-brukar logge på i WebID, opprette ei WebID-gruppe og legge inn dei som skal samarbeide i denne gruppa, for deretter å gje gruppa tilgang i den spesifikke tenesta.

Merk at det ikkje er alle tenester som støtter WebID.

Starten på eit samarbeid

Ein tenkt situasjon er at ein Feide-brukar vil samarbeide med nokre eksterne personar, men vil gjerne bruke eit arbeidsverktøy ved UiO som krever innlogging, til dømes Vortex eller Wiki ved UiO. For å kunne samarbeide må da følgande utførast:

  1. Feide-brukaren logger inn i webid.uio.no og oppretter ei WebID-gruppe for samarbeidet.
  2. Feide-brukaren inviterer personane ved å legge inn e-postadressene til kvar enkelt. Kvar mottakar får da ein e-post med invitasjon til å bli med i gruppa.
  3. Kvart medlem kan akseptere invitasjonen ved å gå til lenka som ligg i e-posten og velge ein av følgende situasjoner:
    • Logge seg inn via Feide. Personen sin Feide-brukar vert då medlem av samarbeidsgruppa.
    • Opprette ein ny WebID-brukar. Den nye WebID-brukaren vert då medlem av samarbeidsgruppa.
    • Logge seg inn med sin eksisterende WebID-brukar. WebID-brukaren vert då medlem av samarbeidsgruppa.
  4. Ein person, typisk den som oppretta WebID-gruppa, må gje gruppa rettigheter i nettjenesta den skal brukast i. I Vortex kan gruppa til dømes få skriverett til eit område der samarbeidsdokumenta skal ligge. Merk at ei gruppe må innehalde medlem for at den skal vere synlig i dei ulike nettjenestene.

Automatikk i WebID

Sidan WebID skal fungere mest mogeleg automatisk skjer oppryddingar og synkroniseringar i bakgrunnen. Sjå Automatikk i WebID for meir info.

Publisert 8. okt. 2010 15:07 - Sist endra 24. mai 2011 08:40