English version of this page

Tofaktorautentisering i Mattermost for gjestebrukarar

Korleis setje opp den innebygde tofaktorautentiseringsløysinga (2FA) i Mattermost.

Gjestebrukarar i Mattermost skal bruke Mattermost si eigen innebygde løysning til tofaktorautentisering.

Løysninga gjev berre eingongspassord, ikkie push-meldingar slik Microsoft Authenticator stort sett gjer. Godkjende autentiseringsapplikasjoner er definert i LSIS. Du kan bruke enten Microsoft Authenticator, Google Authenticator eller Enpass.

I autentiseringsapplikasjonen din lagar du ei ny oppføring og les inn QR-koden. I Microsoft Authenticator klikkar du på Pluss-teiknet, vel Annen (Google, Facebook e.l).

Skjermbilde av Mattermost

Skriv inn MFA-koden frå Microsoft Authenticator (6 siffer) og trykk Save. Dette stadfestar at oppsettet av tofaktorautentisering er korrekt satt opp.

Skjermbilde som stadfestar at tofakor er satt opp korrekt og aktivert

Publisert 17. jan. 2023 11:00 - Sist endret 7. aug. 2024 14:23