Rutine ved tap av valnøkkel

Beskriving av rutina for Sentralt Valsekretariat for hvis eit valstyre mister sin valnøkkel for eit pågåande eller avslutta val.

Sjå sida om valnøkkelen for kva valadministratoren skal gjere ved tap av valnøkkelen.

Bakgrunn

Valløysinga krypterer alle stemmesedlar, for å sikre anonymiteten i val. Det er berre valstyret som er ansvarleg for valet som har tilgang til valnøkkelen som kan låse opp stemmesedlane. Heller ikkje driftarane av eValg har tilgang til stemmesedlane utan valnøkkelen.

Som eit sikkerhetstiltak vert det tatt ein kopi av alle valnøklar, som vert kryptert med Sentralt Valsekretariat sin mesternøkkel. Dette betyr at Sentralt Valsekretariat har muligheten til å hente ut ein kopi av valnøkkelen for valstyra.

For å unngå misbruk av løysinga, til dømes at uvedkommande får tilgang ein valnøkkel, har vi laga ei rutine for denne situasjonen.

Rutina går i hovudsak ut på at det avsluttande opptellingsmøtet må haldast hos Sentralt Valsekretariat, i Lucy Smiths hus. Valet dekrypterast, tellast opp og godjennast av valstyret i møtet.

Rutina

  1. Ein valadministrator henvender seg til Sentralt Valsekretariat om tap av ein valnøkkel, til valgsekretariatet@admin.uio.no. E-posten må innehalde informasjon om kva val det gjeld, og kva valnøkkel det er snakk om.
  2. Sjekk at e-posten kjem frå ein UiO-konto, og ikkje er ekstern.
  3. Verifiser at personen faktisk er med i valstyret/valsekretariatet.
  4. Send ein e-post til dei andre i valstyret og valsekretariatet om at nokon har tatt kontakt om å få ut valnøkkelen.
  5. Send ein e-post til dei valansvarlege på fakultetet om situasjonen.
  6. Avtal tidspunkt for valmøte. Møtet må inkludere valet sitt valstyre og valsekretariat, nokon frå Sentralt Valsekretariat med tilgang til masternøkkelen, og ein tekniker frå USIT.
  7. Forsikre deg om at du har fått admintilgang til valet.
  8. I møtet med valstyret:
    1. Identifiser personen med gyldig legitimasjon.
    2. Forsikre deg om at valet er klart til opptelling. Hvis ikkje må møtet utsettast.
    3. USIT henter ut kryptert valnøkkel for det gitte valet sin gitte offentlege nøkkel. Du finn dette på statussida til det gitte valet.
    4. Dekrypter valnøkkelen med Sentralt Valsekretariat sin masternøkkel.
    5. Gå inn på valet i eValg og start opptellinga med den dekrypterte valnøkkelen.
    6. Valstyret godkjenner valet på vanleg vis.
      1. Valstyret får presentert opptellingsresultatet, opptelllingsprotokoll og annan relevant informasjon.
      2. Valstyret ser over og godkjenner valet på vanleg vis.
      3. Print ut opptellingsprotokoll og få den signert av valstyret.
      4. Sentralt Valsekretariat lager valprotokoll, og sender til lokalt valstyre.
      5. Lokalt valstyre er ansvarleg for å arkivere valprotokollen.

Etter valmøtet bør masternøkkelen byttast ut med ein ny, sidan den har blitt eksponert. USIT bistår med dette. Det kan med fordel takast som ein del av dette møtet.

Publisert 28. nov. 2019 11:59 - Sist endret 7. feb. 2020 17:17