English version of this page

Parkering for besøkande

Er du besøkande, skal du parkera på plassar med betalingsautomat.

Desse områda har parkering for besøkande mot betaling:

Besøk over fleire dagar

Hvis du skal besøkja UiO meir enn ein dag, kan du få eit kodekort med mellombels parkeringsløyve og stå på plassar merka A og S. Ta kontakt med dei du skal besøkja i god tid på førehand, og dei vil ordna parkeringsløyve til deg.

Parkering for entreprenørar, handverkarar, servicefirma

Entreprenørar, handverkarar, servicefirma o. l. som skal utføra arbeid på universitetsområdet må venda seg til kontaktpersonen sin ved UiO. Dei vil då få eit kodekort med mellombels parkeringsløyve. Følg rettleiinga på kodekortet for registrering.

Varigheita skal ikkje vera lengre enn tre månader.

Bilar med parkeringsløyve merka E kan parkera på A-, E- og S-plassar.

Reglar for parkering og bøter

Parkering på universitetetsområda er regulert etter standardvilkåra for privat parkeringshandheving, sjå forskrifta for parkering (lovdata.no).

Kontakt

Problemer med innlogginga? Send ein e-post til Apcoa Support eller ring kundesenteret på telefon 22 05 75 00.

Kontakt Eigedomsavdelinga viss du har spørsmål om parkeringa ved UiO.

Publisert 11. okt. 2017 11:24 - Sist endra 4. juli 2024 13:24