Frukost med Bernt: Er ondskap ein sjukdom?

Frukostseminar med utgangspunkt i Hannah Arendts rettsreportasje fra 1963

  • Er ondskap utrykk for ein sjukdom? Eller ein karakterbrist? Eit avvik i personlegdomen? Eller noko mange ‘normale’ kan falle for under inntrykk av totalitære ideologiar og/eller religiøs fundamentalisme? Er Anders Behring Breivik eit døme? Kva med ISIS? Vil slike fenomen auka i åra som kjem og ytra seg i meir  terrorisme?
  • Adolf Eichmann – ‘banalt’ ond, ‘byråkratisk’ ond eller ‘normalt’ ond? Attersyn på Hannah Arendts møte med ondskapen i Jerusalem i 1963.
  • Oppstod det ein ny type menneske under det nazistiske diktaturet? Ein utenkjande, ‘byråkratisk’ ‘banal’ mennesketype som sjølv aldri drap, men som sette seg bak skriveborda og ga ordrer? Og som ikkje ville ha sitjande på si ære at dei hadde vore valdelege.
Video fra seminarets tre foredrag

Program

08:00 Registrering og frukostservering
08:30 Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08:30 Hannah Arendt, Eichmannssaka og "det ondes banalitet". Eit attersyn i ljos av fanatiseringa av politikk og religion i internettets tid.
Bernt Hagtvet, professor UiO, Bjørknes Høyskole
09:00 Psykisk sjuk eller høgreekstremist? Psykoanalytisk perspektiv på terrorudåden til Anders Behring Breivik 
Siri Gullestad, professor, UiO 
09:25 Nyare tenkning om ondskap i moralfilosofi og samfunnsvitskap
Arne Johan Vetlesen, professor, UiO 
09:50 Diskusjon og spørsmål med salen leidd av Bernt Hagtvet
10:30 Slutt

Program (pdf)

Påmelding

Gratis inngang for tilsette hos partnarane (deltakeravgift er allereie betalt via medlemsbidraget til Partnerforum).  Deltakaravgift for andre interesserte er kr. 400 (studentar/honnør kr. 200,-).

Påmelding for partnarane  Kven er partnar?

Påmelding for alle andre 

Om føredraga

Bernt Hagtvet: ‘Banalt’ond eller vanleg perfid jødehatar? Det var problemet som oppstod under rettssaka mot SS-obersten Adolf Eichmann 1961-2 etter at Hannah Arendt skreiv rettsreportasjen sin i 1963. I sær israelske historikarar har aldri slege seg til ro med dette biletet, som dei meiner ‘banaliserer’ antisemittismen og uskuldiggjer overgriparane, ja, nærast gjer ofra til ansvarlege for eiga lagnad. Kva seier denne debatten om synet på ondskap etter så lang tid? 

Siri Erika Gullestad: Psykisk sjuk eller høgreekstremist? Driven av vrangførestillingar eller ideologi? Slik stod debatten etter 22. juli. Føredraget analyserar handlinga til massemordaren i psykoanalytisk perspektiv: Demoniseringa av muslimar og feministar uttrykker oppleving av trussel og ond hemnlyst. Eit umedvite indre krigsscenario vert projisert ut og legitimert med tilvising til ideologi. Slik søkjer terroristen ein ideologi som “passar” til dei umedvitne motiva hans.

Arne Johan Vetlesen:
Om å ville det onde, i form av å gjere ondt til godt, drap til sjølvforsvar

  • Om å ta kontroll over grunnvilkåra
  • Om å vere ein vinnar, ikkje ein tapar; sterk, ikkje svak
  • Om tydinga av gruppa

Om innleiarane

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved UiO frå 1994 med utdaning frå UiO, Yale og Oxford. Særskilte interesser for totalitære diktatur, ideologiar og menneskerettsstudiar, samt intellektuelle i politikken (bok om Bjørnson og Dreyfus-saka, 1994). Forskingsleiar ved Programmet for Menneskerettsstudiar, CMI i Bergen 1983-94. Gjesteførelesar Yale hausten 2016 om europeisk fascisme. Prof. II ved Bjørknes Høyskole. Breitt forfattarskap om europeisk politikk og politisk ekstremisme. Spaltist i Aftenposten og Dag og Tid, sakprosameldar i Dagbladet, avholdt STV 1530, folkemordkurset som i ti år, «før jeg ble tvangspensjonert, fylte auditorium 1 på SV».
Knut Olav Åmås (tidl. kultur- og debattredaktør i Aftenposten) omtala frukostserien som “... en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden: Flere ganger månedlig møtes flere enn 200 mennesker for å drøfte brennbare problemer i kultur og samfunn: tidlig om morgenen, i to stive timer, med frokost, gratis og åpent for alle.” (Aftenposten, 30.01.09).
Seminaret den 19. desember 2018 er den fjerde Bernt-frukosten i Partnerforums regi (2017; Gjensyn med storebror-Orwell, 2016; Europa i krise – kvar går Europa i lys av Dreyfys-saka, 2015; Kjem fascismen tilbake til Europa?

Siri Erika Gullestad er professor i klinisk psykologi (UiO) og psykoanalytikar. Har skrive ei rekkje artiklar og bøker innan det psykoanalytiske fagfeltet. Gjennom populærvitskaplege essays bidreg Gullestad til å tolke film og litteratur med eit djuppsykologisk blikk. Etter 22. juli deltok ho i den offentlege debatten om terrorhandlinga. Hennar analyse av Anders Behring Breivik søkte å dialektisk foreine ei psykoanalytisk forståing av moglege umedvitne motiv med tydinga av ideologi.

Arne Johan Vetlesen er  professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og arbeider særleg med etikk, miljøfilosofi og politisk filosofi. Han er ein aktiv samfunnsdebattant, spaltist i Klassekampen og har vore medlem av fleire offentlege utval, blant anna «Tilregnelighetsutvalget». Har gitt ut tjue bøker, no sist «Studier i ondskap» (2014) og «The Denial of Nature» (2015). Relevant i vår samanheng er også «Angsten for oppdragelse. Dannelse i et samfunnsetisk perspektiv» (2012).

Om Partnerforum

Partnerforum er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og statlege verksemder. Vi er 22 partnarar som samarbeider om å lage arrangement om tema som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rom. Partnerforum lagar årleg ca. 11 fellesarrangement og eitt seminar for kvar partnar. I fjor bidrog 70 innleiarar for nær 2000 deltakarar på våre 18 arrangement.

Emneord: Sikkerhet, Demokrati, Etikk, Juss
Publisert 14. juni 2018 15:00 - Sist endra 21. des. 2018 21:25