Kva kan vi lære av Hitlers maktovertakelse og Tysklands pervertering til et rasistisk diktatur?

30. januar 1933 er ein merkedag fordi Adolf Hitler vart utnemnd til rikskanslar. Kva lærdomar kan vi trekke av samanbrotet i Weimarrepublikken med dagens press mot demokratiet?

Bildet viser mange forskjellige ansikter

Om seminaret

I år er det 90 år sidan maktovergivinga til Adolf Hitler. 30. januar 1933 vart Adolf Hitler utnemnd til rikskanslar. Etter kort tid vart Tyskland pervertert til eit rasestyrt diktatur. Kvifor? Det var rikspresident Paul v. Hindenburg som utnemnde han, trass i at han sjølv sa hausten før at dette aldri ville skje. Likevel var det han som slapp Hitler til makta og retta dødsstøyten mot demokratiet. Kvifor vart han overtala? Var det det tilfeldige, eller var det dei tunge strukturane som økonomien, demografien, mobiliseringa ved vala, Tysklands stilling i internasjonal politikk, som avgjorde? Kva ville dei som overtala Hindenburg oppnå? Og kva kan desse historiske hendingane lære oss om situasjon i dag når demokratiet er under press? Partnerforums desemberfrukost freistar å teikne opp historiske linjer som har konsekvensar for vår eiga tid.

Program:

 

08:00 Registrering og enkel servering

08:30 Velkommen ved Partnerforums sekretariat

08:35 Foredrag ved Bernt Hagtvet

09:15 Kommentar ved Sten Inge Jørgensen, Morgenbladet

09:30 Spørsmål fra salen og diskusjon

10:00 Slutt


Påmelding

Om innlederne

Bernt HagtvetBernt Hagtvet er professor emeritus ved UiO med utdaning frå UiO, UiB, Yale og Oxford, og Professor II ved Oslo Nye Høyskole (tidl. Bjørknes). Bernt er særleg interessert i totalitære regime, ideologiar og menneskerettsstudier, samt intellektuelle i politikken, og var gjesteforelesar ved Yale hausten 2016 og foreleste om europeisk fascisme.  Han har utgitt ei rekke bøker om europeisk politikk og politisk ekstremisme, er spaltist i Aftenposten og Dag og Tid og har vore sakprosa-anmeldar i Dagbladet.
 

Bildet kan inneholde: topp, ansikt, hake, hode, kinn.Sten Inge Jørgensen er forfattar og utanrikspolitisk journalist i Morgenbladet, og har mellom anna skrive bøkene «En europeisk tragedie» (Aschehoug 2022), «Tyskland stiger frem» (Aschehoug 2014) og «Vi som elsker Europa» (Kagge 2018).  I 2015 vart han tildelt den norsk-tyske Willy Brandt-prisen.
 

Om Partnerforums tidlegare frukostar med Bernt

2022: Demokrati: Opphav, kriser og framtid
2021: Dei filosofiske røtene til dagens fascisme i Europa
2020: Tysklands moderne identitet og framtid
2019: Kva kan den spanske borgarkrigen lære oss i dag?
2018: Er ondskap ein sjukdom? Hannah Arendt, Eichmannssaka og "det ondes banalitet"
2017: Gjensyn med Storebror: Orwell
2016: Europa i krise – kvar går Europa i ljos av Dreyfus-saka
2015: Kjem fascismen attende til Europa?

Om Partnerforum

Partnerforum er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og statlege verksemder. Vi er 22 partnarar som samarbeider om å lage arrangement om tema som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rommet. Partnerforum lagar årleg ca. 12 fellesarrangement samt eitt seminar for kvar partnar. I fjor satte vi rekord, da 4000 deltok på våre arrangement.
Partnerforum er oppteken av å styrka samarbeidet på tvers av sektorar og ynskjer fleire statlege partnarar. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål, ynsker eller innspel til samarbeid.

Kontakt

Ta gjerne kontakt med Partnerforums sekretariat dersom du har spørsmål, ønsker eller innspill til samarbeidet.

Arrangør

Partnerforum
Emneord: Internasjonalt, Juss, Demokrati, Historie
Publisert 8. nov. 2023 10:08 - Sist endra 14. des. 2023 12:16