Det var ein gong...

-Eg fann, eg fann!

-Kva fant du nå da?

-Ein boks med partiklar, eit solsystem og særs gode føresetnadar!

-Æsj! Kva skal du med det? Kast det!

-Å, eg har slikt å gjere, eg har slikt å føre, så eg fører vel det skal eg kome meg langt og lenger enn langt.

Bildet kan inneholde: håndskrift, rektangel, tavle, gjøre, parallell.

Figur 1: Hjelm må man ha!

Har du alltid hatt lyst til å reise gjennom verdsrommet, men har ein valdsam høgdeskrekk? Frykt ikkje! Vi i "Askeladden og båten med rakettmotorar AS" skal sørgje for at du får ei trygg og simulert reise gjennom solsystemet før du bestemmer deg for å ta det dramatiske valet! :)

Dette er byrjinga på eit vilt eventyr for å besøke ein av våre naboplanetar i solsystemet! Vi er nyfikne vesen og vil freiste å strekkje oss langt og lengre enn langt for å oppnå dette hovudlause målet. Ved bruk av diverse programvare vil vi kunne generere eit vilkårleg solsystem med diverse planetar å velje mellom. Det er her eventyret vil foregå, og som vi vil sjå når vi kjem ut på denne reisa, så er det slett ikkje så komplisert fysikk som trengs for å ta seg ein spasertur blant stjernene. Men for å kunne klare dette må vi fyrst og fremst byggje ein rakett og oppnå planetens unnsleppningshastiget. Denne raketten vil vere gassdreve, då vi nett no har funne ut kva energibevaring er. For at dette skal gå greit vil vi fyrst simulere reisa til raketten før vi i det heile sender ein av våre eigne modige planetbuarar av garde.

Dette her er ikkje noko barneskirenn sjølv om vi kanskje får det til å høyre slik ut. Som sagt skal vi få eit stort objekt, som vi tilfeldigvis har vald å kalle for ein rakett, til å ta av og unnsleppe planetens gravitasjonsfelt. Vi må fyrst og fremst få motorane til denne såkalla raketten til å spy ut gass. Altså vi må få eit lass med partiklar ut av eit hol i ein boks! Det i seg sjølv er særs utfordrande, men det skal vi få til! For merk deg dette: denne "raketten" skal gå like godt til lands som til vanns...og i lufta med!

Når vi har funnen ut av konseptet "partikkel-ut-av-boks" skal vi så lime saman ørten slike boksar på botnen av den store metallfuglen vår. Kor mange slike boksar treng vi? Satelitten som skal opp er ferdig designet og veier 1100 kg og dekker et areal på 16 \(m^2\)! Kan du tenke deg til hvor mange? Det er noko av det morosame vi skal finne ut!

Bli med på reisa!

 

KJELDER

Figur 1: http://www.caprino.no/movies/images/askeladden_hjelpere.jpg, samt ei god dose Paint.

Publisert 12. sep. 2021 20:34 - Sist endret 12. sep. 2021 20:34