Kom èin! Kom alle!

Han står dær med sola i ansiktet. Askeladden er spent. Han ser solsystemet breie ut føre seg. Nei, han ser moglegheiter breie ut føre seg! Han trekkjer pusten djupt idet han tek eit stort steg framover i skipet. Seilet er oppspent, skjolda er retta på, motorane går på tomgang, og plutseleg er alt roleg. I ei lang stund er alt heilt stilleståande roleg. Det er som om tida har stoppa opp. "Er det her ute eg skal møte mi bane?", tenkjer han. "Er det her ute, på den galaktiske arenaen at den neste store hendinga skal utspele seg? Eller er det her ute eg skal finne min eigen veg, seile min eigen sjø, og kanskje oppdage ny banebrytande kunnskap?"

Eventyret er berre såvidt i gang.

Bildet kan inneholde: smil, musikk instrument, musikk, kunst, gjøre.

Vesle Espen ser moglegheitar.

 


Kvar er det Askeladden befinn seg? Kva for eit system og kva for nokre planetar er det han har rekna på heile denne tida? Som det såvidt var nemnd i førre bloggomgang med Askeladden, så befinn han seg i systemet Pjokknes med sine sju planetar. To av planetane er gasskjemper, medan resten er steinplanetar. Av steinplanetane har vi to som er jordliknande, Tvønnoing og Åtvekdal. Fjerenes og Pøhjoing er reint spikkande steinplanetar, der finn vi berre stein og ingenting anna. Alt du ser er stein! Stein i kvar ei retning! Medan ein av steinplanetane, Eggre, er fullstendig dekt av vatn. Følgjande er ein liten tabell med det Askeladden fekk med seg av info om planetane frå sjølvaste Reodor:

Bildet kan inneholde: gjøre, rektangel, parallell, nummer, sirkel.
Figur 1: Rå planetdata levert av sjølvaste Reodor. Planetane står oppført frå inste til ytste.

Kva for ein av desse planetane skal vi sende vesle Espen til? Vel, vi kan fyrst og fremst utelukke gassplanetane. Det er vanskeleg å sjå for seg dei som trivelege og gjestfrie. Så kva med ein av steinplanetane? Vel, ifølgje det siste sladderet på tunet så skal Åtvekdal eller Eggre visstnok vere særs lovande! Så kva med ein av dei to?


MEN, nå skal det jo seies at alt dette er basert på visuelle data og sladderet som ho rufsete Rønnaug står å kaklar om på eldhushjørnet. Det kan hende at utrekningane og simuleringane våre vil vise noko heilt anna. Vi veit ikkje om Åtvekdal i det heile ligg i den bebuelege sona. Vi veit eigentleg ikkje kvar den bebuelege sona er! Men det er ein av tinga vi er her for å finne ut av! Vi skal òg finne ut kor store solcellepanela våre må vere ved destinasjonsplaneten vår, og vi skal fortelja litt om svarte lekamar.

Spennande!

Publisert 6. okt. 2021 21:17 - Sist endret 6. okt. 2021 21:17