Det blès nordavind frå alle kantar!

Men kvar er nord? Kva er nord? Når er nord?! Finst nord i det heile?! Kva skal vi med nord dersom nord er andre vegen berre vi snur oss opp-ned? Dette blir for store tankar for vesle Askeladden. Her er det på tide å stoppe opp, snu og rigge attende.

Bildet kan inneholde: øye, flashfotografering, underholdning, astronomisk objekt, dingser.

Neida, vi skal ikkje gå så langt som å definere kvar og når nord er i denne bloggen. Det vi i lag med både Askeladden og Tuslingen derimot skal finne ut av, er kvar vi befinn oss, kva for ei hastigheit vi har og kva vi ser rundt oss, eller orienteringa til skipet om du vil. Enkelt og greit, er det ikkje?

"Berre innrøm det ditt oskefjès! Vi har segla oss vill!", hua og klagde Tuslingen.

"Det var da slik til negativitet det skulle vera på deg, har du stått opp med feil stokk i dag?", svara Askeladden. "Vi har ikkje segla oss vill, vi har berre støyta på ei ny utfordring. Kjem'n frå Tynset trivs'n overalt!"

 

Publisert 14. nov. 2021 20:48 - Sist endret 14. nov. 2021 20:48