Skipet er på rampa og draktene er sydd!

Askeladden ber vest med stoppdekkmønster, han er aktiv fargeblind og overkøyrt ein rekkje gongar. Utprega sårbeint, uryddig gongsett, og spel på slurva ved høgtidelege anledningar.

Tuslingen er morgongretten utpå kveldinga, innøvd pessimist, og blir skrekkjeleg bekymra for den minste ting.

Og det er desse to, menneskets glansgutar, som vi med stoltheit sender ut for å segle blant stjernene.

Bildet kan inneholde: blå, hjelm, arbeidstøy, sikkerhet, gass.

Vår tids heltar med det beste støtteapparatet ein kan tenkje seg.

Etter lang tids planleggjing, mykje rekning og ei meir eller mindre suksessfull testing av ein mindre modell av skipet i bane rundt heimplaneten, var no NASA, Noble Askeladden's Space Adventure, klare for å sende sine nyutdanna astronautar av garde i det flunkande nye skipet S.S. Draumen.

Bildet kan inneholde: himmel, sky, kjøretøy, gatelykt, romfartøy.
S.S. Draumen med påmontert bærerakett.

"No skjer det! No skjer det!", utbryt Askeladden medan motorane antennar og skipet ristar.

"Men kva om vi kjem ut av kurs?!", ropar Tuslingen, negativ og bekymra som han alltid er.

"Det tek vi som det kjem. Vi kan ikkje planleggje for mykje, da går det aldri som planlagt."


10, 9, 8, ... LIFTOFF!

Og med det vert Askeladden og Tuslingen heilt plutseleg plassert i ei unnslepningsbane frå heimplaneten. Totalt ute av det blå. Poff! Korleis fekk dei til det tru? Det klarte dei sjølvsagt ikkje sjølve. Med god hjelp av støtteapparatet deira, Reodor "Øyvind" Felgen og Solan "Nils" Gundersen fekk dei til slutt eit vellukka oppskyting! Då er det berre å finne ut kvar dei er!

Manual orientation verification failed.

Dei to ferske astronautane såg seg fortusta rundt. Kvar kom den stemma frå? Kva for eit språk var det? Var det Gud som talte?

Neida, det var berre Reodor som i siste liten hadde oppdatert programvara til hovuddatamaskina på skipet. Han hadde òg gjeve maskina sin eigen personlegdom og ei stemme som tilfeldigvis prata på engelsk.

"Shit, it's på engles!", kjem det frå kjeften på Tuslingen. Askeladden dreg fram ordboka mor hans heldigvis hadde pakka med, ein kan ikkje forvente at dei pratar norsk ute i verdsrommet veit du, og finn fort ut at dei har null peiling på kvar dei er, kor fort dei seglar eller kva for ei retning dei seglar i!


Dette er da heilt krise! Her var det lagt ned tallause timar og uendeleg med dagsverk for å få alt klart til den store generalprøva, men så fungerar det ikkje! Det er tydeleg at det er noko gale med orienteringsprogrammet til skipet. Askeladden set seg ned for å sjå på problemet, og finn så ut at posisjonen til skipet stemmer, men korkje hastigheita eller retninga stemmer. Det at retninga ikkje stemmer kunne vi nok gissa oss fram til dersom vi tenkjer attende til førre bloggomgang, der vi skulle finne ut kva for ein vinkel \(\phi\) vi såg i når vi samanlikna bileta våre med referansebileta. Men som vi veit frå den gongen så fekk aldri Askeladden programmet til å fungere skikkeleg. Programmet kjende att berre dei to fyrste bileta, og så blei noko gale med samanlikninga av resten av bileta. Og her står Askeladden no, med skjegget i postkassa.

Bildet kan inneholde: erme, gest, kunst, stil, maleri.
Stakkar.

Men Askeladden har da ikkje skjegg! Han reiste seg opp og drog opp ermene. "Nei, her må det fysisk makt til skal ein ha både smør og salt på bordet", seier han og stormar ned til maskinrommet.

Det krinkar og skromlar og det kjem mang ein rar lyd frå under dekk, men Tuslingen kan ikkje høyre det over støyen av dei uolja tannhjula som skrik inne i hovudet hans. Han hadde nemleg fått panikk når han høyrte kor bortkomne dei var, full av bekymring og håplaus som han alltid er.

Men nede i maskinrommet var Askeladden i full gang med å utøve sin eineståande dugleik innan den svenske læra om sofistikert datamaskinreparasjon.
Han slår til hovuddatamaskina.

Pointing angle after launch correctly calculated.

Så gjev han maskina eit skikkeleg spark.

Velocity after launch correctly calculated.

Til slutt tek han å plomberar heile apparatet.

Position after launch correctly calculated.
Your manually inferred orientation was satisfyingly calculated. Well done!

Etterlengta av ein kort applaus gjennom høgtalarane og ei særs skuffande konfettikanon.

Takka vere den gode hjelpa frå Reodor som hadde oppdatert heile systemet på skipet, visste no Askeladden og Tuslingen både kvar dei var, kva for ei hastigheit dei hadde og kva for ei retning dei var på veg.

Då er det berre å fyre på!
 

 

Publisert 17. nov. 2021 23:36 - Sist endret 17. nov. 2021 23:36