Lufta rundt planeten i følge med profeten

Askeladden hadde oppheldt seg ei eve ved kuauge og sedd ned på Åtvekdal etter landingsmoglegheiter, før Tuslingen riv han bort og byrjar å rope! Han fortel at det står ei ku i lasterommet og at ho byrja å bli rastlaus. Vårkalvinga nærma seg med stormskritt så dei måtte lande beinveges! Askeladden hiv seg rundt og byrjar på ei analyse av atmosfæra til Åtvekdal.

Bildet kan inneholde: verden, menneskelig, fritid, moro, sjøfartsarkitektur.

Du veit Tuslingen er desperat når skinnvesten og pannebandet er på.

Kva må du tenkje på når du sender ein satellitt ned for landing på ein planet du aldri har vore på før? Ei problemstilling som dukkar opp i livet hjå alle på eitt eller anna tidspunkt. Og no var det Askeladden og Tuslingen sin tur til å gå dette problemet i møte, forhåpentlegvis med stor entusiasme og nypussa tenner. 

Det fyrste man bør gjere før man sender ein satellitt ned for landing, er å gå ned i ei lågare bane rundt planeten. Vi må ta bilete av planetoverflata for å bestemme kva for ein stad som er best egna for folk og fe, og då kan det nemleg lønne seg å vere litt nærare overflata.

Det andre er å sjå på korleis atmosfæra er bygd opp og kva ho består av i dette nye grenselandet. Vi er no oppe i vakuum, vi er altså ikkje i noko medium og har difor ikkje noko problem slik som friksjon og luftmotstand. Og når vi no sender eit objekt ned i eit medium, atmosfæra i dette tilfelle, bør vi vite litt om t.d. tettleiken, temperaturen og kva type gassar og korleis alt dette vil påverke objektet i si ferd mot oppdagelse og rikdom på overflata. Med alt dette kan vi lage ein modell av atmosfæra som vil være særs viktig for vår ferd vidare. Merk her at vi vil gjere forenklingar av denne modellen for å gjere jobben litt enklare.

La oss ta ein nærare titt.

 

Publisert 16. des. 2021 10:33 - Sist endret 16. des. 2021 10:33