Plask!

Det var nokon som eigentleg skulle finne ein ideell landingsplass. Dette vert sjølvsagt satt til side, og her får vi sjå konsekvensane.

Bildet kan inneholde: vann, himmel, lykkelig, leketøy, fritid.

Er det slik sjøkua kom til?

Når Askeladden fekk skipet ned til ei lågare bane, var det meininga at han og Tuslingen skulle vere på utkikk etter ein fin plass å lande for kua på Åtvekdal. Dette vert diverre gløymt som dykk tydeleg kan skimte på biletet ovanfor. Dykk såg det kanskje på landingsvideoen òg.

Kua landa rett i havet!

Heldigvis hadde Tuslingen tenkt på dette før dei senda henne av garde. Det skal seiast mangt om Tuslingen, men no og då er tankane hans på rett plass. Han hadde nemleg lurt på Aurikla ein opplåsbar badering utan at Askeladden hadde lagt merkje til det. Tuslingen ville nemleg ikkje vise Askeladden at han ikkje stola fullstendig på ham når det kom til berekningar og planleggingar, og hadde difor gjort dette i skjul av myrkre.

Men Aurikla, kua med det rare på, var no framkomen i god form. Ho hadde overlevd! Og no hadde ho heile verda føre seg!

...

...

...

"Hello! I've just arrived in my fantastic boat, Kon-Tiki Five!"


Det tok ikkje lange tida før Askeladden og Tuslingen òg bestemte seg for å ta turen ned, og det gjekk betre enn med kua. Dei landa nemleg på land, og ikkje langt unna landingsplassen låg det ein gard. På garden budde Kongen og kongsdottera som dei sjølve kalla seg. Dei hadde nemleg lese alle breva som Askeladden og Tuslingen sendte heim under reisa som inneheldt særs gode skildringar av korleis ein skal reise i verdsrommet, og på den måten kome seg fram til Åtvekdal. Her hadde dei bygd seg opp eit imponerande gardstun og eit halvt kongerike.

Bildet kan inneholde: himmel, båt, vannskuter, sky, kjøretøy.
Det viste seg å vere folk her allereie.

Det var godt å endeleg kome fram ved vegs ende. No kunne dei slå seg til ro inntil husveggen med noko godt i koppen.

"Kva sit dykk der å latar dykk for?" kom det plutseleg frå Kongen. "Dette riket vert ikkje skapt for å sitte på rompa! Drag dykk opp, no er det tid for ei tennisturnering."

Publisert 16. des. 2021 23:26 - Sist endret 11. mai 2023 14:02