OD8130 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 3

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og klinisk praksis. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for endodonti.
Emnet er obligatorisk.

Den teoretiske undervisninga blir gjennomført i to-år-syklar. Siste års studentar har plikt til å møte og delta også i deira siste år.

Kva lærer du?

Hovudmålet er at kandidaten skal oppnå den kunnskapen og ferdigheitene som trengst i rolla som endodontist.
Kandidatane blir kontinuerleg tildelt pasientbehandling og fordeling av pasientar blir gjorde etter kompetansenivå.

- Kirurgiske endodontiske prosedyrar I
- Kirurgisk endodonti med assistanse av lærar

Læringsmål

For kandidatar som tek emnet i 1. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • diagnostiske verktøy og diagnostisering av alle former for endodontisk sykdom
  • korleis leggje ein endodontisk behandlingsplan
  • dei deler av medisinen som kan påverke endodontisk sjukdom og behandling
  • klassifisering av endodontiske diagnoser

og ferdigheiter til å

  • meistre endodontisk behandling i mikroskop
  • meistre klinisk fotografering relevant for dokumentasjon av endodontisk behandling
  • meistre pasientkommunikasjon slik at pasienten forstår alle steg av behandling og prognose
  • meistre kommunikasjon med pasient, visande tannlege, andre kollegaer, legen til pasienten i forhold av betydning for den endodontiske behandlinga

For kandidatar som tek emnet i 3. semester:

Kandidaten skal etter endt undervisning ha tileigna seg gode kunnskapar om

  • kva faktorar som har noko å seie for resultatet og prognosen av rotbehandling og fylling av vital pulpa, nekrotisk pulpa med infeksjon, apikal peridontitt
  • oral mikrobiologi med fokus på endodontisk mikrobiologi
  • sårtilheling og regenerasjon

og ferdigheiter

  • vere kompetent i forskrivning og administrasjon av sedative medikament der adekvat endodontisk behandling føreset dette
  • til å selvstendig meistre relevante materiale, instrument og teknikkar for revisjonsbehandling
  • til å meistre kirurgisk endodontisk prosedyre med assistanse av lærar

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i endodonti. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Ingen spesielle forkunnskapar for kandidatar på 1. semester ved spesialistutdanninga i endodonti. Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå 1. studieår for kandidatar på 3. semester i studieløpet.

Undervisning

Spesialistprogrammet i odontologi er eit heiltidsstudium. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Kliniske seminar, gruppeundervisning, arbeidskurs og klinisk praksis.

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal gjennom heile studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlegestudentane som føregår på Klinikk for allmenn voksen, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

 

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Ved problem omkring framdrift, blir kandidaten informert om situasjonen, og så langt det ressursmessig er mogleg, blir det særlege undervisningstiltak instituert for å hjelpa til framdrift. Særlege tiltak treffest i samråd med Semesterstyret for spesialistutdanning - SUSp. Dette gjeld t.d. om eit studieår må takast om, eller om kandidaten ikkje blir rekna for å kunna nå læringsmåla innan rimeleg tid.

Fakta om emnet

Studiepoeng
18
Undervisning
Kvar haust
Undervisningsspråk
Norsk