OD8220 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 2

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte kurs og seminar, samt klinisk praksis på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi.

Emnet er obligatorisk.

Kva lærer du?

Temaet strålevern og relevante radiologiske modalitetar held fram frå førre semester. Sjå fyldig beskriving av kva du lærer på emnesida til emnet OD8210.

Læringsmål

For kandidatar som tek emnet i 2. semester:

KUNNSKAP

Kandidaten skal etter endt undervisning

  • vere oppdatert på strålevern, bildebehandling, kva radiologiske modalitetar som er aktuelle innan kjeve- og ansiktsradiologi samt regelverk som påverkar arbeidet som kjeve- og ansiktsradiolog, nivåmessig delvis på same nivå og delvis ut over krava i tannlegeutdanninga
  • ha oppnådd teoretisk kunnskap, ut over krava i tannlegeutdanninga, på dei tema som ein gjennomgår i seminarrekkjene i løpet av semesteret
  • ha oppnådd god forståing for kritisk lesing av vitskapleg radiologisk litteratur

FERDIGHEITER

Kandidaten skal ha oppnådd

  • god ferdigheit i å presentere tema på seminara
  • god forståing for og ferdigheit i å vurdere tilvisingar, applisere ein radiologisk protokoll, og vurdere bildekvalitet ved dei vanlegaste kliniske problemstillingane og bruk av dei radiologiske modalitetane som er tilgjengeleg på avdelinga
  • kompetanse til sjølvstendig å kunne utføre CBCT-skanningar av pasient med føremål å utføre dental diagnostikk, med ansvar for individuell optimalisering og vurdering av bildekvalitet/behov for omtak
  • god forståing for og ferdigheit i å lese og tolke CBCT-undersøkingar av dei vanlegaste dentoalveolære problemstillingane, og dessutan god ferdigheit i å lage eit strukturert og forståeleg radiologisvar

For kandidatar som tek emnet i 4. semester:

KUNNSKAP

Kandidaten skal etter endt undervisning

  • ha oppnådd teoretisk kunnskap, ut over krava i tannlegeutdanninga, på dei tema som ein gjennomgår i seminarrekkjene i løpet av semesteret

FERDIGHEITER

Kandidaten skal ha oppnådd

  • god forståing for og ferdigheit i kritisk lesing av vitskapleg og annan fagleg radiologisk litteratur, og kunne vidareformidle forskningsresultat.
  • god forståing for og ferdigheit i å lese og tolke CBCT-undersøkingar av vanlege problemstillingar som blir tilvist til Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, samt god ferdigheit i å lage eit strukturert og forståeleg radiologisvar. Kandidaten skal kunne formidle dei vanlegaste problemstillingane med minkande behov for rettleiing.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i kjeve- og ansiktsradiologi. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå emnet OD8210 for kandidatar på 2. semester i studieløpet, og emnet OD8230 for kandidatar på 4. semester i studieløpet.

Undervisning

Kliniske og teoretiske seminar og kurs, og klinisk praksis. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?
Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal gjennom heile studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentane som føregår på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

Kandidaten skal gjennom heile studiet ha klinikkøkter kor ein er aktivt involvert i pasientundersøkingane og økter for bildegransking og skriving av radiologisvar, i samsvar med den kliniske timeplanen på avdelinga (Basisskjema).

Klinisk praksis og kurs- /seminar deltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
18
Undervisning
Kvar vår
Undervisningsspråk
Norsk