OD8230 – Klinisk praksis og avdelingsbaserte kurs 3

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte seminar og klinisk praksis på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, samt hospitering på andre avdelingar ved behandling av eigne pasientar.

Emnet er obligatorisk.

Kva lærer du?

Tema for dei avdelingsbaserte seminara er anatomi, ulike tilstandar og sjukdommar som rammar tenner, kjevar og tilgrensande delar av ansiktet og dessutan vitskapleg radiologisk litteratur. Seminara føregår gjennom alle semestra, og det vil variere noko mellom kandidatkulla kva tema som kjem opp i det aktuelle semesteret då dette avheng av tilgang på ekspertise, viste pasientkasus osv.

I den kliniske praksisen lærer du å vurdere tilvisingar, planlegge og gjennomføre ulike typar radiologiske undersøkingar med dei modalitetane som er på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, samt tolke og formidle resultata av undersøkingane både skriftleg og munnleg.

Læringsmål

For kandidatar som tek emnet i 1. semester:

KUNNSKAP

Kandidaten skal etter endt undervisning

  • vere oppdatert på strålevern som er aktuelt innan kjeve- og ansiktsradiologi, nivåmessig noko ut over krava i tannlegeutdanninga
  • ha oppnådd teoretisk kunnskap, ut over krava i tannlegeutdanninga, på dei tema som ein gjennomgår i seminarrekkjene i løpet av semesteret
  • ha oppnådd grunnleggjande forståing for kritisk lesing av vitskapleg radiologisk litteratur.

FERDIGHEITER

Kandidaten skal ha oppnådd

  • grunnleggjande ferdigheit i å presentere tema på seminara
  • grunnleggjande forståing for og ferdigheit i å vurdere tilvisingar, applisere ein radiologisk protokoll, og vurdere bildekvalitet ved dei vanlegaste kliniske problemstillingane og bruk av dei radiologiske modalitetane som er tilgjengeleg på avdelinga
  • grunnleggjande forståing for og ferdigheit i å lese og tolke CBCT-undersøkingar av dei vanlegaste dentoalveolære problemstillingane, samt grunnleggjande ferdigheit i å lage eit strukturert og forståeleg radiologisvar

For kandidatar som tek emnet i 3. semester:

KUNNSKAP

Kandidaten skal etter endt undervisning

  • ha oppnådd teoretisk kunnskap, ut over krava i tannlegeutdanninga, på dei tema som ein gjennomgår i seminarrekkjene i løpet av semesteret

FERDIGHEITER

Kandidaten skal ha oppnådd

  • god forståing for og grunnleggjande ferdigheiter i kritisk lesing av vitskapleg radiologisk litteratur
  • god forståing for og ferdigheit i å vurdere tilvisingar, applisere ein radiologisk protokoll, og vurdere bildekvalitet ved alle kliniske problemstillingar kor det er aktuelt å nytte dei radiologiske modalitetane som er tilgjengeleg på avdelinga
  • kompetanse til sjølvstendig å kunne utføre CBCT-skanningar av pasientar, med ansvar for individuell optimalisering og vurdering av bildekvalitet/behov for omtak
  • god forståing for og ferdigheit i å lese og tolke CBCT-undersøkingar av dei vanlege problemstillingane som blir tilvist til Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, samt god ferdigheit i å lage eit strukturert og forståeleg radiologisvar

    Opptak og tilgangsavgrensing

    Studentar med opptak til spesialistprogrammet i kjeve- og ansiktsradiologi.

    Forkunnskapar

    Obligatoriske forkunnskapar

    Ingen spesielle forkunnskapar for kandidatar på 1. semester ved spesialistutdanninga i oral kjeve- og ansiktsradiologi. Emnet byggjer vidare på kunnskapar og ferdigheiter frå 1. studieår for kandidatar på 3. semester i studieløpet.

    Undervisning

    Kliniske og teoretiske seminar og kurs, og klinisk praksis. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?
    Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga og gjer etterarbeid.

    Obligatorisk arbeidskrav

    Kandidaten skal gjennom heile studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentane som føregår på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

    Kandidaten skal gjennom heile studiet ha klinikkøkter kor ein er aktivt involvert i pasientundersøkingane og økter for bildegransking og skriving av radiologisvar, i samsvar med den kliniske timeplanen på avdelinga (Basisskjema).

    Klinisk praksis og kurs- /seminardeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

    Adgang til undervisning

    Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

    Eksamen

    Slutteksamen avhaldast i 6. semester.

    Karakterskala

    Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

    Evaluering av emnet

    Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

    Fakta om emnet

    Studiepoeng
    27
    Undervisning
    Kvar haust
    Undervisningsspråk
    Norsk