OD8295 – Spesialisteksamen i kjeve- og ansiktsradiologi

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet består av ulike avdelingsbaserte seminar og klinisk praksis på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, samt hospitering på andre avdelingar ved behandling eigne pasientar. I denne delen av studiet vil noko av den kliniske praksisen føregå på sjukehus, som hospitering ved radiologiske og kjevekirurgiske avdelingar. Delane blir arrangerte av fagavdelinga for kjeve- og ansiktsradiologi i studiets 6. semester.

Emnet er obligatorisk.

Spesialisteksamen i kjeve- og ansiktsradiologi blir gjennomført i 6. semester. Oppmelding føreset bestått klinisk praksis og dessutan innlevert og godkjent spesialistoppgave.

Kva lærer du?

I seminara er tema anatomi og ulike tilstandar og sjukdommar som rammar tenner, kjevar og tilgrensande delar av ansiktet, samt vitskapleg radiologisk litteratur. Seminara føregår gjennom alle semestra og det vil variere noko mellom kandidatkulla kva tema som kjem opp på det aktuelle semesteret.

I den kliniske praksisen lærer du å vurdere tilvisingar, planlegge og gjennomføre ulike typar radiologiske undersøkingar med dei modalitetane som er på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi og aktuelle radiologiske modalitetar som finst på sjukehus, samt tolke og formidle resultata av undersøkingane både skriftleg og munnleg.

Læringsmål

KUNNSKAP

Kandidaten skal etter endt undervisning

  • ha oppnådd teoretisk kunnskap, ut over krava i tannlegeutdanninga, på dei tema som ein gjennomgår i seminarrekkjene i løpet av semesteret
  • ha oppnådd god kunnskap om strålevern, aktuelle radiologiske modalitetar og metodar og aktuelle kliniske problemstillingar ein kjeve- og ansiktsradiolog vil møte i yrkeslivet.

FERDIGHEITER

Kandidaten skal

  • sjølvstendig kunne utføre kritisk vurdering og formidling av vitskapleg og annan fagleg radiologisk litteratur.
  • ha oppnådd god forståing for og sjølvstendig kunne tolke og formidle resultata av alle typar radiologiske undersøkingar som er relevante innan kjeve- og ansiktsradiologi.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar med opptak til spesialistprogrammet i kjeve- og ansiktsradiologi. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne. Sjå òg om opptakskrav på programsida.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på emnet OD8250 ved spesialistutdanninga i kjeve- og ansiktsradiologi.

Undervisning

Kliniske og teoretiske seminar og kurs, og klinisk praksis. Sjå om lærings- og vurderingsmappe under Kva lærer du?

Det er forventa at studentane førebur seg til undervisninga.

Obligatorisk arbeidskrav

Kandidaten skal gjennom heile studiet bidra i den kliniske undervisninga av tannlege- og tannpleiarstudentane som føregår på Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi, både med formål om eigen klinisk læring og pedagogisk trening.

Kandidaten skal gjennom heile studiet ha klinikkøkter kor ein er aktivt involvert i pasientundersøkingane og økter for bildegransking og skriving av radiologisvar, i samsvar med den kliniske timeplanen på avdelinga (Basisskjema).

Klinisk praksis og kursdeltaking vurderast med bestått/ikkje bestått. Bestått arbeidskrav er ein føresetnad for bestått emne/semester.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Sjå om læringsmappe og vurderingsmappe under Evalueringsformer og eksamen.

Avsluttande praktisk, munnleg eksamen

Etter fullført utdanning tek du ein praktisk muntleg eksamen før du mottek vitnemål for gjennomført spesialiststudium. 

Søknad om framstilling til eksamen

Søknad frå fagavdelinga om at du skal få høve til å framstille deg for avsluttande eksamen, må vere fakultetet i hende seinast seks veker før eksamen. Med søknaden skal det følgje ei oversikt over:

  • klinisk verksemd (dokumenterte, behandla kasus)
  • kursbevis
  • klinisk vurderingsmappe for utført spesialistarbeid
  • melding frå vedkommande fagavdeling om at utdanninga blir rekna som fullført i samsvar med vedtekne krav. 

Fakultetet skal gi skriftleg melding til ein kandidat som ikkje kan få framstille seg til eksamen.

Eksamenskommisjon

Forslaget fagavdelinga har til eksamenskommisjon skal leggjast ved søknaden om framstilling til eksamen, med stadfesting på at sensor har sagt seg villig til å ta oppdraget. Dersom eksamen medfører utgifter til reiser, opphald m.m. som blir søkt dekt, må dette oppgivast i søknaden.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala bestått/ikkje bestått. Les meir om karakterskalaen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Fakta om emnet

Studiepoeng
30
Undervisning
Kvar vår
Eksamen
Kvar vår
Undervisningsspråk
Norsk