Søknadsfrist og opptak

Helse- og omsorgsdepartementet har vedteke at Noreg skal ha følgjande sju spesialitetar i odontologi: Endodonti, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti og periodonti. Alle spesialistutdanningane er heiltidsstudium, og det blir ikkje gitt lønn under utdanning med mindre noko anna er avtalt med fylkeskommune/helseføretak. Kandidatar som blir tekne opp får studentstatus ved Universitetet i Oslo.

Studieretningane gjennomfører eit årleg opptak av inntil to kandidatar. Dette gjeld imidlertid ikkje for studieretninga Kjeveortopedi, som tek opp inntil 8 kandidatar berre kvart 3. år. Søknadsfristen er 1. oktober.

Du søkjer om opptak direkte til kvar enkelt studieretning, og du kan berre søkje om opptak til ein av studieretningane. Sjå beskrivelsen av hver enkelt studieretning for mer informasjon om korleis søke.