English version of this page

Opprette ein WebID-bruker i ny løysing

I den nye WebID-løysinga kan du opprette din eigen WebID-brukar. I fyrste omgang blir denne tenesta brukt for nettstader som bruker Vortex, men på sikt kan det vere fleire tenestetilbydarar som tilbyr innlogging med WebID.

Merk at du ikkje treng å opprette ein WebID-brukar om du allereie har ein UIO- eller Feide-brukar.

Om du har fått melding frå nettredaktøren din om å opprette ein ny WebID-brukar for å få tilgang til ein Vortex-nettstad, gjer du følgjande:

  1. Gå til den nye WebID-tenesta (blir opna i ny fane).
  2. Trykk på Registrer bruker nederst i dialogboksen.
  3. Fyll ut nødvendig informasjon.
    • E-postadresse. Du må skrive inn ei e-postadresse du har tilgang til. Det blir sendt ei melding til e-postadressa du skriv inn, som du må svare på før WebID-brukaren blir oppretta. E-postadressa blir brukarnamnet du loggar inn med.Skjermbilete frå registreringa
  4. Du må gje samtykkje til at WebID kan behandle personopplysingane dine. 
    Les meir på ---
  5. Når skjemaet er riktig utfyld får du ein e-post med ei lenke for stadfesting (bekreftelse). Fyrst når du har gått til denne lenka blir WebID-brukaren din aktivert.
  6. Stadfestingslenka (bekreftelseslenken) tar deg til ei ny side. Du har no ein aktiv brukar. Hugs å sende e-postadressa du har registrert brukaren din med til personen som administrerer din WebID-tilgang. Skjermbilete av stadfesringsvindu i den nye WebID-tenesta.. 

No har du ein WebID-brukar. Brukaren har i fyrste omgang ingen tilgangar. Når Vortex-nettstaden du har tilgang til går over til ny WebID-løysing, kan du bruke denne nye WebID-brukaren til å logge inn på nettstaden med, så lenge det er avtalt med nettredaktør.

Ved fyrste innlogging må du setje opp tofaktorautentisering.

Søk i veiledningene
Kontakt brukerstøtte:

Ring oss

Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.

Telefonnummer: 22 84 00 04

Send inn sak til oss

Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-support@uio.no.

Gå til e-post

Book et videomøte over Zoom

Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.

Book et videomøte

Chat med oss

Vår chat er bemannet mellom 09:00 og 16:00 på hverdager.

Åpne chat

 

Publisert 24. mai 2024 15:03 - Sist endret 14. juni 2024 16:46