Meir detaljar om Kalenderdata

Meir detaljar om Kalenderdata - den automatiske oppdateringa av Exchange-kalenderen med data frå FS og TP.

Sjå også designdokumentet for Kada for endå meir tekniske detaljar.

Kalenderdata forenklar kvardagen for studentar og fagpersonar. Den oppdaterer personlege Exchange-kalender med aktivitetane som er relevante frå Felles Studentsystem (FS) og Timeplanlegging (TP). Automatikken følger UiO:IntArk og er hendingsbasert, altså oppdaterer den kalenderen straks nokon endrer på relevant informasjon i FS eller TP. I praksis betyr dette at endringar dukker opp fortløpande, og ikkje "over natta".

FS fortel oss kven som tek kva emne, medan TP fortel oss om når undervisinga går. Kalenderdata samanstiller dette og oppdaterer kvar enkelt kalender med dette.

Exchange er systemet som leverer e-post og kalender for UiO-brukarar. Bruker du klientar som Outlook, Apple Mail eller Thunderbird på UiO, bruker du Exchange og vil bli påvirka av tenesta. Sjå sidene om e-post og kalender på UiO for meir detaljar. Bruker du eksterne tenester, som Google Mail (gmail), Hotmail eller Outlook.com, vil du ikkje bli påvirka av tenesta.

Rettigheter

For at automatikken skal kunne køyre, treng den tilgang til å skrive til din personlege kalender i Exchange. Vi les ingen av dine kalenderaktivitetar - automatikken oppretter berre nye kalenderhendingar, og redigerer kalenderhendingar den sjølv har oppretta. Automatikken lagrer ein unik identifikator for kvar kalenderaktivitet den oppretter i Exchange, og redigerer berre desse. Kalenderdata har ikkje tilgang til din e-post.

Du kan i praksis sjølv fjerne tilgangen Kalenderdata har til kalenderen din, men den vil bli satt tilbake. Postmaster går jamnleg gjennom og sikrer at Kalenderdata har tilgang til alle sine kalendrar.

Redigering av automatiske kalenderhendingane

I Exchange er det ikkje mogleg å låse kalenderhendingane som Kalenderdata har oppretta. Du kan redigere, flytte og slette desse kalenderhendingane. Merk at Kalenderdata vil flytte desse tilbake, eller opprette dei på nytt straks relevante element i TP eller FS oppdaterast. Dette er dessverre ei teknisk hindring vi ikkje kjem oss unna.

Publisert 19. mars 2020 09:24 - Sist endret 15. nov. 2021 15:01