Kalenderdata - undervisning

UiO oppdaterer kalenderen din automatisk med dine forelesingar og gruppeundervising. Vi kaller integrasjonen for Kalenderdata, og her finn du detaljar om korleis den fungerer.

Kva betyr dette for deg?

Dersom du verken studerer, foreleser eller held gruppeundervising, vil du ikkje merke noko til automatikken.

Din UiO-kalendar, den du ser i Outlook, Apple Mail, Thunderbird og tilsvarande e-post- og kalenderprogram, vert automatisk oppdatert med undervisinga som er relevant for deg. Automatikken baserer seg på det du er registrert på i Felles Studentsystem (FS), Studentweb og Timeplanlegging (TP). Kalenderen din vert oppdatert straks forelesinga har flytta eller blitt endra på.

Merk: Om du endrer eller sletter ein av dei automatiske kalenderoppføringane, vil dei bli retta tilbake av automatikken. Dersom noko er feil, må du heller feilmelde det til ditt lokale studentkontor.

Kalenderdata vil ikkje røre, eller lese, dine eksisterande kalenderaktiviteter.

Kan eg melde meg av?

Nei, du kan per i dag ikkje melde deg av denne automatikken, men vi vurderer behovet.

Kva gjer Kalenderdata?

Oversikt over kva automatikken støtter.

  • Studenten sine undervisingsmeldingar, til dømes forelesingar, vert lagt til i Exchange-kalenderen når studenten vert påmeldt emnet (i Felles Studentsystem).
  • Studenten sine undervisingsaktiviteter vert flytta i kalenderen når undervisinga flyttast (i Timeplanlegging).
  • Studenten sine undervisingsaktiviteter vert oppdatert i kalenderen når undervisinga bytter rom eller beskriving (i Timeplanlegging).
  • Studenten sine undervisingsaktiviteter vert sletta frå kalenderen når undervisinga vert sletta (i Timeplanlegging).
  • Studenten sine undervisingsaktiviteter vert markert som avlyst i kalenderen når undervisinga vert markert som avlyst (i Timeplanlegging).
  • Oppdatering av fagpersonar si undervising, til dømes forelesarar sine forelesingar.
  • Oppdatering av studentar si gruppeundervising (parti).
  • Fjerning av gruppeundervising, etter utmelding/bytte av parti.
  • Oppdatering av studentar sine vurderingsmeldingar, som eksamenar.
  • Aktiviteter som er knytta direkte til studieprogram, kull eller klasse. Dette brukast hos enkelte enheter, til dømes for semesterstartsaktiviteter og HMS-aktiviteter. Nytt i februar 2023.
  • Aktiviteter som stammer fra booking av rom, ressurser og veiledninger (i Timeplanlegging). Nytt i februar 2023.
  • Aktiviteter som er knytta til EVU-kurs (i Timeplanlegging). Nytt i februar 2023.
  • Pause automatikken i planleggingsfasen før semesterstart. I denne perioden flyttast aktivitetar mykje fram og tilbake, så kalenderen din vert ikkje oppdatert medan kabalen for semesteret leggast.

Automatikken er utvikla av USIT i tett samarbeid med Studieadministrasjonen. Alt køyrer i USIT sine miljø.

Spesielt interesserte kan sjå meir tekniske detaljar om automatikken.

Publisert 19. mars 2020 09:17 - Sist endret 22. nov. 2023 09:13