English version of this page

Sett visningsnavn i Brukerinfo

Om du ikkje vil bruke heile namnet ditt i UiO sine IT-tenester kan du overstyre visningsnamnet i Brukerinfo.

Slik endrar du visningsnamn

Ditt visningsnamn er vanlegvis namnet du er registrert med i Felles Studentsystem og/eller personalsystemet (SAP). Du kan endre visningsnamn i Brukerinfo:

  1. Logg på brukerinfo.uio.no.
  2. Gå til fana Person, og underfana Visningsnavn:
    Fanar i Brrukerinfo
  3. Velg namnet du vil ha som visningsnamn i nedtrekksmenyen og trykk på Velg navn.

Merk: Når du har gjort dette, har du overstyrd ditt visningsnamn. Ditt visningsnamn vil ikkje endre seg ved seinare endringar i SAP eller FS. Du må då endre ditt namn på nytt i Brukerinfo.

Kva er visningsnamn?

Du er registrert med ditt folkeregistrerte namn i Felles Studentsystem og/eller personalsystemet (SAP). Dette vert ditt visningsnamn, som brukast om deg i forskjellige IT-tenester som Feide-tenester, kontormaskina, Teams og Outlook. Di primære e-postadresse (e-postadressa du sender frå) vert hos dei fleste fakultet også avleda av kva du har som visningsnamn.

Dette kan du sette som visningsnamn

Du kan sjølv fjerne mellomnamn, og endre kva av namna dine som skal stå først. Du kan i utgangspunktet ikkje bytte til andre namn enn dine offisielle fornamn eller etternamn, men ta kontakt med IT-support om du har spesielle årsaker for dette.

Vi har andre løysingar for personar med behov for skjult identitet. Ta i så fall kontakt med di personalavdeling eller studentkontor.

Søk i veiledningene
Kontakt brukerstøtte:

Ring oss

Vi har åpent mellom 08:30 og 17:00 på hverdager,
og mellom 10:00 og 15:00 på lørdager.

Telefonnummer: 22 84 00 04

Send inn sak til oss

Du kan sende inn din forespørsel via e-post til: it-support@uio.no.

Gå til e-post

Book et videomøte over Zoom

Er du student eller ansatt kan du avtale veiledningstime hos UiO Helpdesk over Zoom. Tilgjengelige tider er tirsdag til torsdag mellom 11:00 og 13:00.

Book et videomøte

Chat med oss

Vår chat er bemannet mellom 09:00 og 16:00 på hverdager.

Åpne chat
Publisert 14. mars 2021 10:19 - Sist endret 26. mai 2023 08:56